Blåråke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåråke
Blåråke Foto: Christian Svane
Blåråke
Foto: Christian Svane
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av blåråke
Utbreiinga av blåråke
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Råkefamilien Coraciidae
Slekt: Coracias
Art: Blåråke C. garrulus
Vitskapleg namn
Coracias garrulus

Blåråke (Coracias garrulus) er ein fargerik fugl og ein stor medlem av råkefamilien. Han hekkar i sørlege og austlege Europa, Nordvest-Afrika, Midt-Austen og Sentral-Asia. Alle blåråkar er trekkfuglar og overvintrar vanlegvis i Afrika sør for Sahara.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Råkar kan minne om sporvefuglane kråker i storleik og kroppsbygging. Men råkar er medlem av ordenen råkefuglar der dei deler tendensen til fargerik utsjånaden med mellom anna isfuglar, bietarar og motmotar, alle med blått, rosa eller kanelbrunt som dominerande fargar.

Det er skildra to underartar som er separerte geografisk, nominatforma finst i det meste av hekkeområdet, medan C.g. semenowi hekkar i søraustlegste delen av området: Irak og sørlege Iran aust gjennom Kashmir og sørlege Kasakhstan til Xinjiang i det vestlege Kina.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blåråke er ein tettvaksen fugl, på storleik med ei kaie på ca. 31-32 centimeter i kroppslengd og masse på ca. 130 til 150 gram.[1] Han manglar lange stjertspyd som mange andre råkar har, hovudet er relativt stort med eit svart, kraftig nebb. Fjørdrakta i dominert av lyseblått, men ryggen er brun.

Denne arten føretrekker varmt klima og lever i opne landskap med spreidde trevekstar av til dømes eik og furu. I Afrika lever han på tørre busk- eller skogkledd sletteland. Dei sit ofte på ei litt høg grein og inspiserer bakken for byttedyr, men kan òg fange insekt i lufta. Føda er generelt virvellause dyr, dei tar gjerne insekt med harde skal slik som biller.

Lætet er harde, kråkeliknande lydar. Det gjev håse skrik om dei blir uroa.

Den globale populasjonen er estimert til 100 000 til 0,5 mill individ og er trudd å vere stabil. I dag er han klassifiset som livskraftig, tidlegare nær truga.[2]

Blåråkeegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fry, H., Boesman, P., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016) European Roller (Coracias garrulus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. desember 2016
Referansar
  1. Fry et al, HBW Alive (2016)
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Coracias garrulus. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. desember 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blåråke