Blåsjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåsjø
innsjø
Blåsjø og kraftmaster.JPG
Blåsjø i august 2012
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommunar Hjelmeland, Suldal
Høgd over havet 930–1055 moh
Areal 84,48 km²
Volum 3,1 km³
Kystlengd1 200,41 km
Koordinatar 59°22′14″N 06°52′48″EKoordinatar: 59°22′14″N 06°52′48″E
Wikimedia Commons: Blåsjø
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Blåsjø er ein regulert innsjø og det største vassmagasinet i Ulla-Førre-anlegget, med eit energipotensial på ca. 7,7 TWh. Han ligg i kommunane Hjelmeland og Suldal i Rogaland, samt i Bykle i Aust-Agder. Med eit areal på 84,48 km² er han den niande største innsjøen i Noreg. Rundt Blåsjø finn ein fleire av dei største dammane i Noreg: Oddatjørndammen, Storvassdammen og Førrevassdammen. Til saman demmer elleve dammar opp sjøen.

Til Blåsjø blir det overført vatn frå Skorpevadshølen, og Saurdal kraftverk kan både tappa frå og pumpa vatn opp til Blåsjø. Pumpinga skjer frå 600-metersnivået, der Sandsavatnet er det største magasinet. Andre kraftverk i Ulla-Førre-utbygginga er Kvilldal, Stølsdal og Hylen.[1] Blåsjø blir regulert mellom 1055 og 930 moh., og er eit fleirårig magasin.

Målt i energiinnhald er Blåsjø det største kraftmagasinet i Noreg[2].

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]