Blåskjegghjelmkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåskjegghjelmkolibri

Status i verda: CR Kritisk truga

Hannfugl av Oxypogon cyanolaemus til høgre Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain
Hannfugl av Oxypogon cyanolaemus til høgre
Litografi av John Gerrard Keuleman, 1880, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Slekt: Oxypogon
Art: O. cyanolaemus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Blue-bearded Helmetcrest
  • Vitskapleg namn
    Oxypogon cyanolaemus
    Salvin & Godman, 1880

    Blåskjegghjelmkolibri, Oxypogon cyanolaemus, er ein kritisk truga kolibriart som lever høgtliggande del av i sentrale Sierra Nevada de Santa Marta langt nord i Colombia. Det var ingen kjente observasjonar av arten etter 1946 fram til i mars 2015 då tre individ av arten blei oppdaga av forskarar frå stifinga ProAves medan dei dokumenterte nedbrenning av habitat for denne arten.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Blåskjegghjelmkolibri har kroppslengd på rundt 12 centimeter. Dette er ein av fire Oxypogon-kolibriar, hannfuglar av alle artane har slekta sin særmerkte bakoverpeikande fjørkam og skjegg, litt varierande frå art til art. Sett fram frå, er det sentrale, iriserande partiet i strupeskjegget i fargene lilla-blått. Blåskjegghjelmkolibri har mørkt hovud som er omkrinsa av lys, nesten kvit krage, fjørtoppen er mest i kvitt, men har òg svarte fjører. Undersida er lys gulbrun med mørkare flekker, oversida er mørkare olivengrøn. Nebbet er kort og rettpeikande. Halen, som er relativt kortare enn hos andre Oxypogon-artar, har ytre halefjører som er lys gulbrune til kvite. Saman med den blålilla farga i det iriserande strupeområdet, omkrinsa av kvite fjører, er det karakteristiske for arten den relativt lyse undersida og den kvite halen.[2] Hofuglen liknar hannen, men manglar fjørtopp på hovudet, manglar skjegget og har elles bleikare fjørdrakt.

    Heile utbreiingsområdet for denne arten ligg i sentrale del av Sierra Nevada de Santa Marta. Det finst lite informasjon om biologien for arten.

    Storleiken på populasjonen er estimert til færre enn 250 modne individ. Han er kategorisert som kritisk truga, CR.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blåskjegghjelmkolibri