Blåsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blåsmesse eller blasiusmesse er ein merkedag som opphvaleg vart feira til minne om heilage Blasius, ein biskop som lei martyrdauden i Armenia år 316. Blasiusmesse vart i Noreg forvanska til blåsmesse, fordi folk kople namnet til ordet «å blåse». Det gamle primstavmerket var ein bispestav, sidan teikna ein oftare inn eit skip under fulle segl. Nokre stader helt dei blasmesse for å vere første vårdagen, andre meinte at havbølgjene vart på sitt største ved blasmesse.

Vind denne dagen kunne varsle eit stormfullt år, og nemnde ein dagen med namn, meinte folk det kunne bli storm. Særleg fiskarar og sjøfolk måtte passe seg for dette.

Ingen skulle bruke rokk, kvern eller reiskap som sveiv rundt dene dagen; då kunne dyra få svivesykje, slik at dei sprang rundt til dei stupte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]