Blåstrupejuvel
| Blåstrupejuvel | |
Blåstrupejuvelhann | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Blåstrupejuvel | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
| Familie: | Kolibriar Trochilidae |
| Underfamilie: | Trochilinae |
| Stamme: | Lampornithini |
| Slekt: | Lampornis |
| Art: | Blåstrupejuvel L. clemenciae |
| Vitskapleg namn | |
| Lampornis clemenciae | |
Blåstrupejuvel (Lampornis clemenciae) er ein stor medlem av kolibrifamilien, stammen «fjelljuvelar» i underfamilien Trochilinae. Han lever i USA og i Mexico.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupejuvelen er den største kolibrien som hekkar innanfor USA[1], med ei lengd på 11,2–12,8 cm. Hannen veg om lag 8,4 gram i gjennomsnitt og opp til 10 gram. Hoa veg i gjennomsnitt 6,8 g. Begge kjønn har eit middels langt svart nebb, ei kvit stripe bak auget og ei smal stripe frå nebbet under det svarte kinnet.[2]
Hannen har ein iriserande blå strupe, grøn-bronse overside og gråbrun underside. Hoa manglar den blå strupen og har jamt grå underside. Det finst tre underartar med små skilnader i storleik, farger og stjert.[2]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupejuvelen lever i fuktige skogområde frå sørvestlege USA til sørlege Mexico, i høgder frå 1300 opptil 3900 meter over havnivå. Han finst i elvedalar, furuskogar og blandingsskogar, ofte i fjellområde.[2]
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]I nordlege område trekkjer fuglane sørover om vinteren, men trekkruta er ikkje kjend. Blåstrupejuvelar lever hovudsakleg av nektar, men et òg små insekt, særleg i hekketida og vinterstid. Dei forsvarar ofte nektarrike blomar.
Hoa byggjer reiret åleine, ofte under bergoverheng eller i menneskeskapte strukturar. Ho legg to egg, som ho rugar i 17–19 dagar, og ungane flyg ut etter 24–26 dagar. Hoa kan ha opptil tre kull per hekkesesong.[2]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Status
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupejuvelen er ikkje truga og har ein stabil bestand på rundt 2 millionar individ.[3] Arten tolererer menneskeleg aktivitet godt, men i USA lever han berre i nokre få avgrensa dalstrøk. Arten kan vere sårbar for brann, tørke og habitatøydelegging.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Blue-throated mountaingem» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2025
- Referansar
- ↑ «Blue-throated Mountain-gem». All About Birds, Cornell University. 2023. Henta 2. mars 2025.
- 1 2 3 4 5 Williamson, S. L. (2020). Blue-throated Mountain-gem (Lampornis clemenciae), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole og F. B. Gill, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.buthum.01
- ↑ BirdLife International (2021). «Lampornis clemenciae». IUCN Red List of Threatened Species 2021: e.T22687664A168973225. doi:10.2305/IUCN.UK.2021-3.RLTS.T22687664A168973225.en. Henta 2. mars 2025.