Hopp til innhald

Blåtårn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåtårn

StadKøbenhavns kommune
Kart
Blåtårn
55°40′31″N 12°34′42″E / 55.67527778°N 12.57833333°E / 55.67527778; 12.57833333

Blåtårn var tårnetKøbenhavns slott.[1] Ein veit ikkje kva tid det bleibygd, men det blir anteke å ha vore under Erik av Pommern (f. 1382-d. 1459). Ein veit at det eksisterte då kong Hans var ved makta.

Ruinane av Blåtårn blei funne av arkeologar i 1902 og ligg under Christiansborg slott, nærare bestemt under slottsplassen. Ruinane blei gravne ut i 1917, og det har vore offentleg tilgang til dei sidan 1924.

Tårnet låg mellom riddarsalen og portbygningen. Det hadde 5 etasjar og eit kvadratisk grunnplan, som målte omtrent 16 meter på kvar side. Då Kristian IV blei krona i 1596, blei muren forhøga med nesten 3 meter til rundt 28 meter (44 alen),[2] og det blei føydd til eit spir med kopartak. Då Fredrik IV bygde om Københavns slott i byrjinga av 1700-talet, blei Blåtårn ståande, men det blei gjennombrote av den nye hovudporten til slottsgarden og kom dermed også til å fungera som portbygning.

Øvst i tårnet var det innreidd eit fengsel. Dette er mest kjent for det lange fangenskapet til Leonora Christina, som sat der i 22 år for medverknad til forræderiet til mannen sin Corfitz Ulfeldt . Det var her ho i 1673–74 byrja å skriva Jammers Minde, ei skildring av fengselslivet som var stila til barna hennar.

Av andre kjende fangar kan nemnast Torben Oxe (riksråden som blei skulda for å ha skulda døden til Dyveke); Knud Pedersen Gyldenstjerne;[3] den siste katolske biskopen i Roskilde, Joachim Rønnov;[4] Agnete Sophie Budde og Kristina Nilsdotter Gyllenstierna.

Men fyrst og fremst var Blåtårn meint for «kongens betjenter», dvs. offentleg tilsette. Den islandske bøsseskytten Jon Olafsson opplevde sjølv å bli dømt til eit opphald i den djupaste kjellaren av Blåtårn for ei misferd.[5] Han fortel at tårnvaktaren fekk han heist ned i Blåtårn i eit tynt tau. På botnen var det eit tregolv som ei stor forhøging. Rundt var det ei djup kloakkrenne. Der sat Olafsson i ein månad. Kvar dag blei det heist eit kar ned til han med kanner med øl og tallerkar med mat. «Blåtårn er glatt som et egg innvendig, så det er umulig for noe menneske ved naturlige krefter å slippe ut.»[6]

Blåtårn blei rive saman med resten av slottet i 1731–32. På folkemunne gjekk namnet over til Frederiksholms arresthus[7] som låg i enden av Frederiksholms Kanal for personar som hadde brote lova anten i Københavns amt eller falle inn under Hof- og Stadsretten.[8] Særleg hamna «utenbys misdedere», hoffolk og embetsmenn i dette arresthuset, blant dei ulydige skodespelarar og dansarar frå Det Kongelige Teater, ettersom desse fram til det politiske systemskiftet i 1849 hadde rang som hofftenarar.[9] I 1848 blei dette «Blåtårn» avløyst av Kjøbenhavns Amts Ting- og Arresthus på Blegdamsvej og rive.[10]

Blåtårn er også namnet på eit tårn på Akershus slott.[1]

  1. 1 2 «Blåtårn» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Måltegning fra ca. 1700. Gjengitt i Hvidt, Ellehøj og Norn (red.):Christiansborg Slot. Folketingets Præsidium, 1975
  3. Bricka, Carl Frederik, «383 (Dansk biografisk Lexikon / VI. Bind. Gerson - H. Hansen)», runeberg.org (på dansk), henta 3. mars 2025
  4. «Joachim Rønnow», Lex (på dansk), 2. oktober 2024, henta 3. mars 2025
  5. «Jon Olafssons opplevelser som bøsseskytte». Arkivert frå originalen 23. januar 2021. Henta 20. januar 2021.
  6. Jan Møller: Borger i Christian 4.'s København (s. 102), forlaget Sesam, Viborg 1988, ISBN 87-7324-641-7
  7. Bryghusgade – KEND KØBENHAVN (på dansk), henta 3. mars 2025
  8. «Hof- og Stadsretten», Lex (på dansk), 3. oktober 2024, henta 3. mars 2025
  9. Larsen, Jørgen (7. oktober 2013), «Dengang uartige skuespillere blev sat i Blåtårn», Berlingske.dk (på dansk), henta 3. mars 2025
  10. «Den forsvundne by: Sådan har du aldrig set København før». Arkivert frå originalen 19. april 2019. Henta 20. januar 2021.