Blåtann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Blåtann eller på engelsk bluetooth er ein radiooverføringsprotokoll som vert nytta for å senda og motta data trådlaust over korte avstandar mellom einingar i eit personleg datanett samansett av mobiltelefon, datamaskin, eller andre einingar som stør protokollen. Om blåtann er aktivert, kan einingane kommunisera med kvarandre innanfor ein viss radius (0 – 100 m, avhengig av sendarstyrken).

Blåtann er vanleg i nyare mobilar og er sidan årtusenskiftet mykje brukt i andre elektroniske apparat òg. Men sjølv om teknologien er utbreidd og svært godt eigna for informering til lokale (vitjande) brukarar om lokale tilhøve, finst det enno ingen offentlege kontor, flyplassar, turistkontor eller kontorkompleks i verda som tilbyr informasjon via blåtann.

Blåtann vart fyrst utvikla av Ericsson, og seinare formalisert av Bluetooth Special Interest Group (SIG), som vart presentert den 20. mai 1999. SIG var samansett av Sony Ericsson, IBM, Intel, Nokia og Toshiba.

Namnet er inspirert av kong Harald Blåtann (Harald II (Gormsson) Blåtann) som sameina Danmark og Noreg og var konge fra 958 til 987.Logoen for Blåtann er sett saman av bokstavane H og B i runealfabetet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]