Blåtindane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Blåtindane (1288 moh.) er eit fjell i Ørsta kommuneSunnmøre. Fjellet, med to tvillingtoppar, ligg nord for Bondalen og sør for seterdalen Øyadalen.

Briten Charles W. Patchell og landsmannen John Simpson var på sør-toppen i 1895. Men sidan nord-toppen er den høgste, kan ikkje denne reknast som fyrstebestigning. Den same Patchell stod likevel for fyrstebestigninga, då han 21. august 1903 kleiv til topps saman med ein annan brite, W. P. Haskett-Smith.