Hopp til innhald

Blåtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåtrast
Hanfugl av M. s. solitarius
Hanfugl av M. s. solitarius
Hoe av M. s. solitarius
Hoe av M. s. solitarius
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Blåtrast
Utbreiinga av Blåtrast
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Monticola
Art: Blåtrast M. solitarius
Vitskapleg namn
Monticola solitarius

Blåtrast (Monticola solitarius) er ein steintrast i flugesnapparfamilien Muscicapidae. Han hekkar i Sør-Europa, Nordvest-Afrika og frå Sentral-Asia til Nord-Kina og Malaysia. Blåtrasten er nasjonalfuglen til Malta.

Blåtrasten vart skildra av Carl von Linné i 1758 i den 10. utgåva av Systema Naturae under det binomiale namnet Turdus solitarius.[1] Type­lokaliteten er Italia.[2] Det vitskaplege namnet kjem frå latin: slektsnamnet Monticola er sett saman av mons, montis «fjell» og colere «å bu, halde til», medan artepitetet solitarius tyder «einsleg».[3]

Fem underartar er anerkjende:[4]

Blåtrasten er ein fugl på storleik med ein stare, 21–23 cm lang, med langt og smalt nebb. Hannen i hekkedrakt av nominatforma er lett å kjenna att med blågrå fjørdrakt over det heile, bortsett frå mørkare venger. Hoer og unge fuglar er langt mindre iaugefallande, med mørkebrune oversider og lysare brun, skjelmønstra underside.

Hannen av underarten M. s. philippensis har raudbrun kastanjefarga fjørdrakt frå midt på brystet og ned til underhaledekkfjørene. Begge kjønn manglar dei raudlege ytre halefjørene som er typiske hos andre steintrastar.[5][6]

Fuglane i Europa, Nordvest-Afrika og delar av Søraust-Asia er i hovudsak standfuglar, bortsett frå høgdetrekk. Andre asiatiske populasjonar er meir trekkfuglar og overvintrar i Afrika, på Den arabiske halvøya og Det indiske subkontinentet og Søraust-Asia.[6]

Blåtrasten hekkar i opne fjellområde. Han byggjer reir i holrom i berg og murar, nokre gongar i eit holt tre, og legg vanlegvis 3–6 egg. Arten er altetande og et eit breitt spekter av insekt og små krypdyr i tillegg til bær og frø.[5][6]

Lydytringar

[endre | endre wikiteksten]

Både dei europeiske og asiatiske gruppene har ein «kort song og ein lang song», som består av liknande melodiske plystringar, trillar og meir raspande tonar.[7] Generelt er lydytringane like i begge gruppene. Grunnleggjande eigenskapar ved lydane overlappar ofte, til dømes lengda på frasar og tonar og minimums- og maksimumsfrekvens. Fleire tonar er identiske. Den lange songen er noko vanlegare hos dei asiatiske populasjonane. Hos populasjonar i Indonesia er det registrert fire grunnleggjande rop.[8]

Liknande artar

[endre | endre wikiteksten]

Slekta Monticola er ei monofyletisk gruppe, der alle artane deler ein felles stamfar. M. solitarius liknar særleg på[9] blåstrupesteintrast (M. cinclorhynchus) – med sterkt blått hovud og kastanjefarga buk;[10]kastanjebuksteintrast (M. rufiventris) – kjenneteikna av kastanjefarga buk;[11] steintrast (M. saxatilis) – med blågrått hovud, kvit ryggflekk og kastanjefarga buk;[12] dvergsteintrast (M. rufocinereus) – med blågrå overside og oransje buk;[13] samt kvitstrupesteintrast (M. gularis) – med blått hovud, oransje buk og kvit flekk på svarte venger.[14]

I kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Blåtrasten er djupt forankra i maltesisk kultur, det maltesiske namnet er merill. Han vart nasjonalfugl i 1971. Arten var avbilda på éin-lira-mynten i den tidlegare valutaen til landet. Fuglen har òg inspirert stadnamn, songar, frimerke, teikneseriar, dikt og litteratur, samt eldre uttrykk knytte til pratsamheit. Namnet vert òg brukt av eit investeringsfond og eit barneomsorgssenter.[15][16]

Referansar
  1. von Linné, C. (1758). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata (på latin) 1. Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 170.
  2. Mayr, Ernst; Paynter Jr., Raymond A. (1964). Check-list of Birds of the World 10. Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 138.
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 260, 359. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  4. AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025.». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
  5. 1 2 Collar, N.J. (2005). «Family Turdidae (Thrushes)». I del Hoyo, J.; Elliott, A.; Christie, D.A. Handbook of the Birds of the World. 10: Cuckoo-shrikes to Thrushes. Barcelona, Spain: Lynx Edicions. s. 723-725 [723]. ISBN 978-84-87334-72-6.
  6. 1 2 3 Collar, N. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Blue Rock-Thrush (Monticola solitarius), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.burthr.01.
  7. Boesman, Peter F. D. (28 July 2016). «Notes on the vocalizations of Blue Rock-thrush (Monticola solitarius)». Birds of the World. Henta 18 January 2026.
  8. Saiya, Halvina; Verboom, Willem (August 2020). «Indonesian bird vocalizations: the Blue Rock-Thrush (Monticola solitarius philippensis)». Research Gate. doi:10.13140/RG.2.2.30061.61928. Henta 18 January 2026.
  9. Outlaw, Robert K.; Voelker, Gary; Outlaw, Diana C. (April 2007). «Molecular Systematics and Historical Biogeography of the Rock-Thrushes (Muscicapidae: Monticola)». The Auk 124 (2): 561–577. doi:10.1093/auk/124.2.561.
  10. «Blue-capped Rock-Thrush». eBird, Cornell Lab of Ornithology. Henta 1. april 2026.
  11. «Chestnut-bellied Rock-Thrush». eBird, Cornell Lab of Ornithology. Henta 1. april 2026.
  12. «Rufous-tailed Rock-Thrush». eBird, Cornell Lab of Ornithology. Henta 1. april 2026.
  13. «Little Rock-Thrush». eBird, Cornell Lab of Ornithology. Henta 1. april 2026.
  14. «White-throated Rock Thrush». eBird, Cornell Lab of Ornithology. Henta 1. april 2026.
  15. «Blue Rock Thrush» (PDF). BioSnippet (Environment & Resources Authority) 23 (9). 2019. Henta 1. april 2026.
  16. Fenech, Natalino; Sammut, Michael (2022). «Blue Rock Thrush urban expansion Malta». U.D.I. via Research Gate 47: 23–6. Henta 1. april 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Blåtrast