Blåved

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre angripen av blåvedsoppen Ophiostoma minus

Blåved er ved misfarga av blåvedsoppar. Blåved oppstår ved fuktig lagring av trevirke sommarstid, oftast like etter felling, men nokre blåvedsoppar angriper også levande tre. Furumaterial er mest utsett for blåved. Misfarginga svekkjer ikkje styrken til treet, men misfarginga er skjemmande. Trevirke med blåved vil òg vere meir utsett for fukt.[1]

Ved tømmermåling vert feilen kalla tømmerblått. Virke med tømmerblått kan bli klassifisert som sekunda sagtømmer, men om yteblått ikkje går meir enn 5 mm inn i stokken, vert feilen tolerert.[2]

Sidan misfarginga ikkje svekkjer styrken til trevirket, er fargeeffektane i blåved tidvis nytta i husflid og anna snikkararbeid for å gje spesielle effektar.

Dei vanlegaste fargeskadesoppane høyrer til slekta Ophiostoma. Ophistima piceae , O. tetropii og O. minus er døme på blåvedsoppar som kan spreie seg ved hjelp av insekt, ofte barkbiller.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]