Black Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Black Hills
fjellkjede
Land  USA
Statar Sør-Dakota, Wyoming
Del av Badlands and Black Hills
Høgaste punkt Black Elk Peak
Kart
Black Hills
44° N 104° W
Wikimedia Commons: Black Hills
Black Hills

Black Hills er ei isolert fjellkjede som strekkjer seg frå dei store slettene vest i Sør-Dakota og innover i Wyoming.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore folkesett av urfolk sidan rundt 7000 f.Kr.. Arikara-folket kom rundt 1500, og etter desse kom dei meir velkjende cheyenne-, crow, kiowa og pawneefolka. På 1800-talet kom lakotafolk (sioux) og dreiv alle dei andre stammane vekk. Dei tok kontroll landet som dei kalla Paha Sapa.

I Fort Laramie-avtala av 1868 vart lakota-folka tildelt Black Hills «så lenge graset gror». I 1870-åra vart det oppdaga gull i området, og den siste store indianarkonflikten vart utløyst på grunn av dette, Black Hills-krigen. Ifølgje Fort Laramie-avtala av 1868 hadde lakotaene rettane til landet, men etterkvart som det kom fleire og fleire kvite gullgravarar ulovleg inn i landområdet utan at styresmaktene greip inn, eskalerte konflikten. Den amerikanske staten, som var i ei økonomisk krise for tida, såg på gullfunnet som eit stort høve til å forbetra økonomien, og sende difor George Armstrong Custer og hans 7. kavaleri inn i lakotalandet for å finna ut om det verkeleg var gull der, under dekkje av at han skulle «undersøkja klagemålet til indianarane». I 1874 fann ekspedisjonen gull, noko som seinare stadfesta skjebna til området og lakotæne som budde der.

Funnet førte til eit gullrush som varte frå 1875 til 1878. Tusenvis av gullgravarar og lukkejegerar drog til Black Hills, og grunnla byar som Deadwood, Custer City og Lead. Frå 1880 gav gulldrifta 4 millionar dollar årleg og sølvdrifta 3 millioner.

Lakotaene reagerte på dette med våpen og byrja å angripa nybyggjarane. Dei amerikanske styresmaktene svara igjen med å senda George Custer og hans 7. kavaleri for å stoppa dei. I denne krigen vann lakotæne sin største siger nokonsinne då dei i 1876, i slaget ved Little Bighorn utsletta den framskotne styrken til Custer på 258 mann frå 7. kavaleri, og òg Custer sjølv fall. Men dei kunne ikkje stå imot blåjakkene lenge, og ei fredsavtale vart underteikna i 1876 der USA «kjøpte» landet frå dei.

Sidan dette «kjøpet» var i strid med Fort Laramie-avtala, er saka under debatt den dag i dag. I 1980 fastslo høgsteretten i USA at Black Hills vart ulovleg teke frå lakotaene, og tilbaud 100 millionar dollar som kompensasjon. Lakotaene avslo, for dei ville heller ha landa attende, noko dei òg streber etter i dag. Senator Bill Bradly frå New Jersey prøvde å få gjennom eit lovforslag om at dei skulle få tilbake eit stykke av landet, men det vart avslått grunna manglande støtte frå Sør-Dakota sine representantar i Kongressen.

Fjellet Mount Rushmore i Black Hills er kjend for sine kjempemessige uthoggingar av andleta til fire av dei meste kjente presidentane i USA. Uthoggingsarbeidet varte frå 1927 til 1941, og gjorde staden til ein populær turistattraksjon. Seinare innsåg skulptøren, Gutzon Borglum, kva for bitre kjenslar dette vekte blant urfolka frå området, og gjekk sjølv i bresjen for at ein kunne få meisla ut eit hovud av indianerhøvdingen Crazy Horse. Dette prosjektet starta i 1946 ved hjelp av frivillige middel, og er enno i arbeid under leiing av andre skulptørar.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

Biologien i Black Hills er kompleks. Mesteparten består av gullfuruskog, og dessutan ein type endemisk kvitgran (Picea glauca densata) som finst i dei kjølige og fuktige dalane i dei nordre delane. Merkeleg nok finst ikkje denne endemiske grana i dei fuktige Bear Lodge Mountains, som utgjer mesteparten av wyomingdelen av Black Hills. Store opne enger med rikt grasland finst spreidde rundt i fjella og spesielt i den vestre delen. På grunn av regnskuggen frå dei høgare områda er den sørlege delen dekt av ein tørr furusavanne som består av fjellmahogany (Cercocarpus) og rockymountaineiner (Juniperus scopulorum). Dyrelivet er både rikt og variert. Bekkene er kjente for aure, medan skogane er eit godt habitat for bison, kvithalehjort, mulhjort, prærieantilope, tjukkhornsau, fjelløve og mindre dyr som præriehund, gulmagemurmeldyr og amerikansk raudekorn. Biologisk sett er Black Hills ein møteplass for arter frå regionar aust, vest, nord og sørfrå. Fjella har likevel nokre endemiske arter, eit døme på det er kvitvengevinterjunko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]