Black History Month

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barn med premiar for oppslag dei har laga for Black History Month.

Black History Month er ei årleg tilstelling som tek for seg historia til den afrikanske diasporaen. Ho oppstod i USA for å gjera afroamerikansk historie betre kjend, men har sidan blitt spreidd til andre land som Canada, Storbritannia, Irland og andre europeiske land. I Nord-Amerika blir månaden halden i februar,[1][2] medan i Europa blir han halden i oktober.[3][4]

USA[endre | endre wikiteksten]

Februar har vore Black History Month i USA sidan 1976. Denne månaden kan skuleelevar til dømes læra om den amerikanske borgarrettsrørsla og personar som Rosa Parks, Martin Luther King og Malcolm X.[5]

Månaden har opphav i Negro History Week, som blei skipa i 1926 av historikaren Carter G. Woodson, presten Jesse E. Moorland og Association for the Study of Negro Life and History.[6][5] Den andre veka i februar blei vald for markeringa ettersom ho omfatta både fødselsdagen til Abraham Lincoln (12. februar) og Frederick Douglass (14. februar). Begge dagane var blitt feira av afroamerikanske miljø sidan slutten av 1800-talet.[6] Det belasta ordet «negro» blei etterkvart teke ut av namnet.[5]

Black United Students ved Kuumba House, sitt første kultursenter, der mange av tilstellingane ved den første Black History Month gjekk føre seg.

I februar 1969 føreslo pedagogar og laget Black United Students ved Kent State University at markeringa skulle vara i ein månad. Den første markeringa fann stad ved universitetet eit år seinare, frå 2. januar 1970 til 28. februar 1970.[1] Denne markeringa spreidde seg til institusjonar over heile landet, og i 1976 nemnde president Gerald Ford Black History Month i ein tale han heldt i samband med tohundreårsjubileet til USA. [7]

USA har også fleire markeringar av historia og kulturen til andre grupper, som Asian Pacific American Heritage Month, Filipino American History Month, Women's History Month og LGBT History Month.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar ved ei Black History Month-tilstelling i 10 Downing Street i 2018.

I Storbritannia har ein markert Black History Month i oktober sidan 1987. Dette blei organisert av Akyaaba Addai Sebbo, som arbeidde saman med Ken Livingstone, leiaren for Greater London Council (GLC).[8] Sebbo hadde erfaring frå USA, og meinte ein trengte den same typen kunnskap i Storbritannia for å få bukt med rasismen som framleis gjennomsyra samfunnet og gjorde at barn frå etniske minoritetar følte seg mindreverdige.[9] Oktober blei vald fordi denne månaden var viktig i afrikansk kultur, som innhaustingstid og ei tid då hovdingar kom saman for å enda konfliktar. Det første året hadde ein førelesingar og konsertar i London, Birmingham, Manchester og andre britiske byar.[9] Markeringa har sidan blitt utvida til å også omfatta hendingar frå september til januar. I 2018 fann det stad over 4000 store og små tilstellingar i Storbritannia i samband med markeringa.[10] Markeringa omfattar historia til folk av afrikansk, asiatisk og karibisk opphav.[5]

Canada[endre | endre wikiteksten]

Black History Month blei offisielt anerkjend av Underhuset i Canada i 1995, etter eit forslag frå Jean Augustine. Februar blei utnemnd til Black History Month til ære for folk kjende som Black Canadians. I 2008 føreslo senator Donald Oliver at Senatet i Canada skulle anerkjenna månaden offiseilt. Dette blei einstemmig vedteke.[2]

Irland[endre | endre wikiteksten]

Republikken Irland markerte månaden for første gong i Cork i 2010. Byen var eit kjerneområde for kampen mot slaveriet, og hadde hatt invitert svarte fridomskjemparar som Charles Lenox Remond og Frederick Douglass til å tala der.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wilson, Milton. «Involvement/2 Years Later: A Report On Programming In The Area Of Black Student Concerns At Kent State University, 1968–1970». Special Collections and Archives: Milton E. Wilson, Jr. papers, 1965–1994. Kent State University. Henta 28. september 2012. 
  2. 2,0 2,1 «About Black History Month». Citizenship and Immigration Canada. Arkivert frå originalen 1. februar 2012. Henta 14. februar 2012. 
  3. http://www.thejournal.ie/black-history-month-ireland-1703855-Oct2014/
  4. «BHM365». Black History Month 365. Henta 13. mars 2017. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Metro förklarar: Det här är black history month» (på svensk). 8. februar 2018. Henta 12. februar 2018. 
  6. 6,0 6,1 Daryl Michael Scott (2011). «The Origins of Black History Month». Association for the Study of African American Life and History, www.asalh.org. Arkivert frå originalen 14. februar 2013. 
  7. «President Gerald R. Ford's Message on the Observance of Black History Month». Gerald R. Ford Presidential Library and Museum. University of Texas. Arkivert frå originalen 2013-01-19. Henta 14. februar 2012. 
  8. «Black History Month FAQ». Black History Month. Arkivert frå originalen 21. februar 2012. Henta February 14, 2012. 
  9. 9,0 9,1 Kubara Zamani, "Akyaaba Addai-Sebo Interview", Every Generation Media, trykt i bladet New African.
  10. «Welcome to Black History Month 2018», Black History Month 2019 | Black History Month Celebrating the Great Black British Achievers (på engelsk), henta 19. april 2019 
  11. Irish Central "How Ireland Is Celebrating Black History Month, 12. oktober 2018 [1]