Black Rock i Sør-Georgia
Black Rock | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Georgia | ||
Koordinatar | |||
Folketal | Ingen | ||
![]() Black Rock i Sør-Georgia | |||
Black Rock er ei låg klippe 16 km søraust for Shag Rocks og kring 170 km vest-nordvest for Sør-Georgia. Black Rock kan ha vorte rekna som ein del av «Aurora Islands» som vart rapportert i nærleiken av skipet «Aurora» i 1762. Ho vart kartlagd i 1927 av eit lag frå Discovery Investigations på «William Scoresby».
Argentina har gjort krav på mange av øyane i området, inkludert Black Rock og Shag Rocks. Falklandskrigen i 1982 vart utkjempa mellom Storbritannia og Argentina om både Falklandsøyane og Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Black Rock og Shag Rocks ligg langs ruta mellom Falklandsøyane og Sør-Georgia, på det undersjøiske fjellet Scotia Ridge.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Black Rock i Sør-Georgia» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Black Rock» (innhald frå Geographic Names Information System).