Black Tie White Noise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Black Tie White Noise
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 5. april 1993
Innspelt Juni til september 1992
Studio
Sjanger
Lengd 56:24
Selskap
Produsent
David Bowie-kronologi
Early On (1964–1966)
(1991)
Black Tie White Noise The Buddha of Suburbia
(1993)


Singlar frå Black Tie White Noise
  1. «Jump They Say»
    Utgjeve: 15. mars 1993
  2. «Black Tie White Noise»
    Utgjeve: 31. mai 1993
  3. «Miracle Goodnight»
    Utgjeve: 11. oktober 1993

Black Tie White Noise er det 18. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i 1993 og var det første soloalbumet hans i 1990-åra og det første soloalbumet på nesten seks år, etter at han i mellomtida hadde brukt tida si i hardrockbandet Tin Machine, og skrinlagd alle dei gamle hittane sine på Sound+Vision-turneen, og gifta seg med supermodellen Iman. Dette albumet var eit forsøk på å lage «ein slags ny melodisk form for house-musikk». Han fekk med seg den gamle gitaristen frå Ziggy Stardust-tida, Mick Ronson, som døydde av kreft 24 dagar etter albumet kom ut. Albumet var inspirert av bryllaupet til Bowie og inneheld songar som «The Wedding» og ein reprise på slutten av albumet som ein song skriven i høve hendinga.

Albumet vert ofte rekna som starten på ein kunstnarisk renessanse for Bowie, etter at den kreative entusiasmen og karrieren hadde slite i midten og seint i 1980-åra etter ei rekkje dårleg motteke prosjekt.[n 1]

Albumet debuterte på toppen av UK Albums Chart, som var den siste førsteplassen hans i Storbritannia fram til The Next Day (2013).

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bowie tok kontakt att med Nile Rodgers i New York etter ein konsert i 1991 med bandet sitt Tin Machine.[4] Bowie hadde arbeidd med Rodgers tidlegare på Let's Dance i 1983. Bowie påpeikte at han og Rodgers ikkje skulle gjenta prosjektet dei hadde arbeidd på før. «Om Nile og eg ønskte å gjere Let's Dance II, hadde me gjort det for fleire år sidan, når kanskje det hadde gjeve meir meining. Når me no arbeidar i lag prøver me alt for å unngå og falle i den fella.» Rodgers var samd og sa «Halve moroa med å arbeide med David er at du aldri veit kva i helvete han kjem til å kome opp med.»[1] Bowie sa om samarbeidet deira: «Me sakna begge i røynda det same elementet, med det som skjedde med den nye R&B-musikken, som no er hip-hop og house, og det me sakna var eit sterkt melodisk innhald som var tydleg i 1960-åra. Eg ønskte å sjå om me kunne etablere ein slags ny form for melodisk house.»[4]

Rodgers skildra haldninga til Bowie under innspelinga av dette albumet som «langt meir avslappa enn han var under innspelinga av Let's Dance, mykje meir filosofisk og berre i ein sinnstilstand der musikken hans verkeleg, verkeleg gjorde han lykkeleg.» Rodgers sa at albumet tok «kring eitt år» å spele inn, som var ei lang tid samanlikna med dei tre vekene dei brukte på Let's Dance.[5]

Bowie spelte mykje saksofon på albumet, som Rodgers syntest var utfordrande. Han sa: «Eg trur David ville vera den første til å innrømma at han ikkje er saksofonist i tradisjonell forstand. Eg meiner, du ville ikkje ringa han for ein spelejobb. Han bruker spelinga si som eit kunstnarisk verktøy. Han er ein malar. Han høyrer ein idé, og han følgjer denne. Men han veit absolutt der han skal, for han speler fader meg det same igjen og igjen til eg seier: 'Vel, eg trur han høyrer det.' Det er det du kan kalla eit bevisst uhell.»[5]

Om innspelinga av albumet sa Bowie: «Eg trur dette albumet kjem frå ein heilt annan emosjonell stad [enn tidlegare album]. Det er tida som har ført med seg modenheit og ein vilje til å gi avkall på full kontroll over kjenslene mine, la dei gå litt, byrja å forhalde seg til andre menneske, noko som sakte har skjedd med meg - og herregud, det har vore oppoverbakke - dei siste ti eller tolv åra. Eg føler meg mykje friare i dag for å kunna snakka om meg sjølv og om det som har skjedd med meg, fordi eg har klart å møta det. I mange år var alt alltid blokkert. Dagen før var alltid blokkert. Eg ønskte aldri å gå tilbake for å undersøka noko særskild eg gjorde. Men innsatsen har endra seg. Eg føler meg levande, eigentleg.»[5]

Om albumtittelen sa Bowie: «Kvit støy, «white noise», i seg sjølv er noko eg først møtte på synthesizeren for mange år sidan. Det er svart støy og kvit støy. Eg trudde at mykje av det som er sagt og gjort av dei kvite er kvit støy. 'Black ties', «svarte band», er fordi, for meg, musikalsk sett, var det einaste som verkeleg tente meg på å ville vera musikar, og ville skriva svart musikk, amerikansk svart musikk - Little Richard og John Coltrane på 50-talet. Den første artisten eg verkeleg grov ut var Little Richard då eg var omtrent åtte år gammal. Eg syntest det heile var veldig spennande - kjensla av aggresjon som kom gjennom arrangementa. Det var som å bryta opp himmelen - den vanlege stemma hans. Det var det som utløyste interessa mi for amerikansk svart musikk. Det førte meg til bluesen, John Lee Hooker og alle karane, og i ei årrekke jobba eg med rhythm and blues-band, og der danna mine eigne svarte band innan dette musikkområdet.»[6]

Songutvikling[endre | endre wikiteksten]

Bowie og Iman var nygifte[1] og hadde kome til Los Angeles for å finne ein heim i lag den dagen Rodney King-dommen vart lesen, som vart etterfølgd av eit opprør i Los Angeles.[4] Dette inspirerte Bowie til å skrive songen «Black Tie White Noise», som han spelte inn med ein tøff, kvass kvalitet slik at han ikkje enda opp som «ein 'Ebony and Ivory' for 90-åra.»[1] Songaren Al B. Sure! samarbeidde med Bowie på denne songen. Om det å lande i Los Angeles under opprøra sa Bowie: «Det var fantastisk og bedøvande, og det var den mest apokalyptiske opplevinga eg har vore gjennom i livet mitt. Det var ei kjensle av dei uforsonlige skilnadane som ser ut til å ha vorte framstilt i Amerika, og kor vanskeleg det vil vera å sameina desse skilnadane, å lækje såret, som er ganske gapande.»[4]

Songen «Jump They Say» er ein laust sjølvbiografisk song om stebroren til Bowie, Terry, som tok sjølvmord etter å ha vore innlagd for schizofreni i 1980-åra. Bowie sa: «Det er første gongen eg har følt meg i stand til å takle det, og som alltid, når eg tar det første skrittet mot ein situasjon, tar eg tak i det når det gjeld illusjonistiske bilete.»[1][4]

Bowie og Gabrels hadde tidlegare skrive songen «You've Been Around» i lag då dei var i Tin Machine, men dei var ikkje nøgde med songen, så Bowie omarbeidde han for dette albumet. «Det eg liker med songen er det faktum at det for første halvdel av songen ikkje er nokon harmonisk referanse. Det er berre trommer og vokalen som kjem inn frå ingenstad, og du er ikkje sikker på om det er ei melodilinje eller ein drone eller noko slikt, og det er ei verkeleg illevarslande kjensle i han som eg liker godt. Men ein av dei mest tilfredsstillande tinga ved å laga akkurat denne songen var å jobbe med Reeves, fordi eg hadde sjansen, fordi det var mitt album, ikkje Tin Machine sitt, å blande Reeves sin måte inn i bakgrunnen, så eg visste at det utvilsamt verkeleg ville irritera han, noko det faktisk gjorde.» Bowie sette òg pris på seksualiteten i songen og sa «Det er teksturen til ein song, for meg, som nesten kjem over det lyriske innhaldet. Seksualiteten er i rytmen, og som ein veldig seksuell person, er det veldig viktig for meg at det rører meg.»[7]

Bowie hadde teke kontakt med Mick Ronson att, dels fordi Ronson hadde spelt på det nyaste albumet til Morrissey, Your Arsenal, som Bowie var imponert nok over til at han faktisk spelte inn ein «totalt overdriven» cover av den Bowie-aktige songen «I Know It's Gonna Happen Someday» frå dette albumet. «Det er meg som syng Morrissey som syng meg,» sa Bowie.[1]

Bowie spelte òg inn songen «Bring Me the Disco King», som Bowie skildra som «ein deprimerande song som oppsummerer dei triste seine 70-åra med eit Philip Glass-refreng som går gjennom han.»[1] Denne songen kom ikkje ut på albumet, men vart henta fram frå kvelvet til Bowie då han gav ut Reality i 2003.

Bowie hadde personlege årsaker til å spele inn ein ny versjon av Cream-songen «I Feel Free», som Rolling Stone seinare kalla ein «vill, meir funky cover av ein velkjend 60-tals radioklassikar»: «Ein av gangane eg faktisk gjekk ut med broren min, tok eg han med på ein Cream-konsert i Bromley, og omtrent halvvegs gjennom - og eg vil tru at det var under «I Feel Free» - byrja han å føle seg veldig, veldig dårleg... Han pleidde å sjå syner. Og eg hugsar at eg måtte ta han ut av klubben fordi det verkeleg byrja å påverka han - han svaia ... Han hadde aldri høyrt noko så høgt; han var ti år eldre enn meg, og han hadde aldri vore på ein rockeklubb, fordi jazz var greia hans då han var ung. ... Uansett, me kom ut på gata, og han kollapsa på bakken og sa at bakken opna seg og det var eld og ting som strøymde ut av fortauet, og eg kunne nesten sjå det for han, fordi han forklarte det så artikulert. Så dei to songane [«I Feel Free» og «Jump They Say»] ligg nær kvarandre på albumet av veldig personlege årsaker.»[8]

Bowie, som hadde skrive fem musikkstykke for bryllaupsseremonien til Iman,[1][4] tok to av dei med på albumet: «Pallas Athena» og «The Wedding Song / The Wedding». Det var då han skreiv desse songane at Bowie vart trigga til å lage albumet.[5] Han sa: «Å skriva [musikken til bryllaupet] fekk meg til å tenka på kva forplikting betyr, og kvifor eg skulle gifta meg i denne alderen, og kva intensjonane mine var og var dei ærverdige? [ler] Og kva eg eigentleg ønskte frå livet mitt frå no av. Eg antar at det fungerte som eit vasskilje å skriva mange ganske personlege ting, og setja saman ei samling med songar som illustrerte kva eg hadde gjennomgått dei siste tre eller fire åra.»[4]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Nick Knight, fotografen for plateomslaget, hadde opphavleg ein annan plan for omslaget: Han ønskte å bruke eit enkelt portrett av andletet til Bowie, men spegla langs midten, slik at det var dei to høgresidene som var framsida, og dei to venstresidene som var baksida. Resultatet ville blitt «ein smule rart, forstyrrande syn som gjev sjåaren ei kjensle at det er eitt eller anna som ikkje stemmer.» Dette konseptet vart skrinlagd, og eit anna bilete frå den same bilettakinga vart nytta i staden.[9]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Blender2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[10]
Chicago Tribune2.5/4 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[11]
Entertainment WeeklyD[12]
Los Angeles Times3/4 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[13]
The Press and Journal3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[14]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]
The Rolling Stone Album Guide1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[16]
Uncut3/5[17]
The Village VoiceB–[18]

I intervju gjeve før utgjevinga av albumet, var Bowie særskild tilbakehalden, og nekta å røpe verken namnet på albumet eller spora han spelte inn. Bowie følte seg bra med plata og sa: «Eg er så stolt av denne plata. Med fare for å blåse mitt eige horn, trur eg ikkje eg har nådd denne toppen før som utøvar og låtskrivar.»[1]

Albumet fekk stort sett positiv kritikk då det kom ut, og ein kritikar kalla albumet «utan tvil hans beste sidan Scary Monsters».[4] Rolling Stone kalla albumet «eit av dei smartaste platene i ein særs smart karriere»[15] og kalla den positive omtalen frå kritikarar og fansen «eit av dei største Houdini-aktige triksa i rock and roll-historia.»[5] Ei melding frå 2011 av albumet av BBC roste produksjonskvaliteten og «den enorme sjølvtilliten» til Bowie for eit album som var betre enn dei seinare føregangarane.[19] Entertainment Weekly meinte albumet var stort sett «sløvt» og «trøytt» med tok unntak: den «draumande» «Miracle Goodnight» og den «vittige» «I Know It's Gonna Happen Someday».[12] Robert Christgau skreiv i The Village Voice at musikken var Bowie på sitt «mest fengslande» på grunn av danserytmane og dei elektroniske teksturane, men reagerte negativt mot tekstane til Bowie, t.d. om raseforholda på tittelsporet.[18]

Albumet gjekk inn på førsteplassen på UK Albums Chart, marknadsført av singlane «Jump They Say» og «Miracle Goodnight». Men fram til nyutgjevingane seinare i 1990-åra, var albumet usedvanleg vanskeleg å få tak i etter at det nye Savage Records, som gav ut albumet, brått gjekk konkurs.[20]

Bowie turnerte ikkje etter albumet og sa «Du verden, nei. Eg har lyst å turnere, men det tar så mykje tid. Eg trur eg har tapt nok av livet mitt på å gjere det.»[6] Bowie turnerte igjen i 1995 med Outside-turneen.

Etter utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Eter den dårlege mottakinga av albuma Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987), i tillegg til Glass Spider-turneen (1987), var statusen til Bowie hos kritikarane på det lågaste i karrieren hans.[21] Dette albumet, i lag med Sound+Vision-turneen (1990) og bandet Tin Machine (1989–1992), gjorde at vinden snudde og kritikaren såg på Bowie i eit betre lys,[5][22] og BBC-kalla albumet ein «perfekt» måte å byrje «det neste stadiet» i karrieren til Bowie.[19]

Det har vorte indikert av kritikarar at det var Bowies namn i staden for musikken som forhindra ein større kommersiell suksess. Foe å bevise eit poeng vart anonyme klubb-remiksar av albumsporet «Pallas Athena» gjeve ut for amerikanske dansegolv i 1993 og vart store hittar.[4]

Etter albumet var ferdig sa Bowie at han planla å ta seg litt fri for å vere med kona, og så gå attende i studio med Tin Machine for eit tredje album i 1993.[1][4] Tin Machine-prosjektet vart det aldri noko av, og det neste prosjektet til Bowie vart filmmusikkalbumet The Buddha of Suburbia.

David Bowie: Black Tie White Noise er ein film frå 1993 som kom saman med albumet Black Tie White Noise. Filmen er ei blanding av ein dokumentar, musikkvideofilm og musikkvideosamling, meint å marknadsføre albumet i staden for ein turné. Han var regissert av David Mallet og produsert av Paul Flattery og Lana Topham. [23]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«The Wedding»instrumental 5:04
2.«You've Been Around» Bowie, Reeves Gabrels4:45
3.«I Feel Free» (med Mick Ronson)Pete BrownJack Bruce4:52
4.«Black Tie White Noise» (med Al B. Sure!)  4:52
5.«Jump They Say»  4:22
6.«Nite Flights»Noel Scott EngelEngel4:30
7.«Pallas Athena»  4:40
8.«Miracle Goodnight»  4:14
9.«Don't Let Me Down & Down»Tahra Mint Hembara, omsett av Martine ValmontHembara4:55
10.«Looking for Lester»instrumentalBowie, Nile Rodgers5:36
11.«I Know It's Gonna Happen Someday»MorrisseyMark E. Nevin4:14
12.«The Wedding Song»  4:29
Total lengd:56:33
Bonusspor på den originale CD-utgåva
Nr.TittelRemiksarLengd
13.«Jump They Say» (alternativ miks)JAE-E3:58
14.«Pallas Athena» (Don't Stop Praying mix)Meat Beat Manifesto5:37
15.«Lucy Can't Dance» 5:45
Total lengd:15:20 (71:53)
Bonusplate med 10-årsjubileeumsutgåva
Nr.TittelRemiksarLengd
1.«Real Cool World» 5:27
2.«Lucy Can't Dance» 5:48
3.«Jump They Say» (rock mix)Randy Staub4:30
4.«Black Tie White Noise» (3rd Floor US radio mix)Jeremy «DJ Digit» Cowan og Raul «DJ EFX» Recinos, Marc «Funkyman» Paley3:44
5.«Miracle Goodnight» (Make Believe mix)Tony Maserati4:30
6.«Don't Let Me Down & Down (Jangan Susahkan Hatiku)» (Indonesisk-språkleg versjon) 4:56
7.«You've Been Around» (Dangers 12" mix)Jack Dangers7:40
8.«Jump They Say» (12" remix)Brothers in Rhythm8:26
9.«Black Tie White Noise» (Here Come da Jazz)Nile Rodgers5:33
10.«Pallas Athena» (Don't Stop Praying remix no. 2)Meat Beat Manifesto7:24
11.«Nite Flights» (Back to Basics remix)Moodswings10:01
12.«Jump They Say» (Dub Oddity)Leftfield6:18
Total lengd:74:17

Merknad

  • «Jangan Susahkan Hatiku» («Don't Let Me Down & Down» der den første halvdelen er sungen på indonesisk) erstatta «Don't Let Me Down & Down» på versjonar av albumet gjeve ut i Indonesia.
  • Nile Rodgers stod ikkje oppført som låtskrivar på «Looking for Lester» på den originale utgåva frå 1993, medan han var det i 2003.
  • Den alternative miksen av «Jump They Say» er den same som «JAE-E edit» frå «Jump They Say» EU CD-singel. De ter det einaste bonussporet som kom på kassettutgåva til albumet. Miksen er ikkje med på 10-årsjubileumsutgåva.
  • «Don't Stop Praying»-miksen av «Pallas Athena» er berre inkludert på den originale japanske utgåva
  • «Real Cool World» vart laga for lydsporet til filmen Cool World. Begge kom ut i 1992.

Jump (interaktiv CD-ROM)[endre | endre wikiteksten]

Jump – The David Bowie Interactive CD-ROM
UtviklarION
Utgjeve1994
OperativsystemWindows, Macintosh

I samband med albumet tinga Bowie ein «interaktiv CD-ROM» basert på albumet. Jump kom ut i 1994 der brukarane kunne lage musikkvideoen til «Jump They Say» på ny, og mikse «Black Tie White Noise» sjølv, i tillegg til å utforske ei virtuell verd basert på albumet (inkludert «løynde animasjonar, lydar, bilete og andre overraskingar.») Han inneheld òg fire komplette musikkvideoar og utdrag frå intervju med David Bowie om skapinga av videoen og albumet.[24]

CD-ROM vart ikkje godt motteke.[25] I starten var Bowie engasjert i prosjektet og forventa noko «fullstendig interaktivt med ei ikkje-lineær handling» og la lyttarar kunne spele det om att og om att og «aldri gå gjennom den same opplevinga.»[26] Utgjevinga levde likevel ikkje opp til forventningane hans, og Bowie vart sitert i 1995 då han sa: «Eg hata det. Eg hata det absolutt. ... Det var aspekt ved det eg trudde hadde potensial, men igjen, det var så mykje informasjon om sjølve plata som gjorde ideen om at nokon skulle bruke det interaktivt til ein vits. Interaktiv, så langt eg veit, er når personen som driv datamaskina har like mykje å seie som det som er på skjermen. Det er interaktivt. Og for augneblinken er det berre ABC-alternativ. Sjølv dei mest sofistikerte CD-ROM-ane er berre 'Her er den harde informasjonen. No kan du ta eitt av desse tre vala.'»[27]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Vekesliste frå 1993
Liste (1993) Plassering
Australske album (ARIA)[28] 12
Austerrikske album (Ö3 Austria Top 40)[29] 18
Kanadiske album (RPM)[30] 13
Nederlandske album (MegaCharts)[31] 8
Den franske albumlista (SNEP)[32] 14
Tyske album (Media Control)[33] 15
Den japanske albumlista (Oricon)[34] 4
Newzealandske album (RIANZ)[35] 8
Norske album (VG-lista)[36] 8
Spanske album (PROMUSICAE)[37] 22
Svenske album (Sverigetopplistan)[38] 18
Sveitisiske album (Swiss Hitparade)[39] 18
Britiske album (OCC)[40] 1
US Billboard 200[41] 39

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Årsliste for 1993
Liste (1993) Plassering
Kanadiske album (RPM)[42] 90
Nederlandske album (MegaCharts)[43] 86
Den japanske albumlista (Oricon)[44] 164

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[45] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[46] none 81,000[47]
Japan (RIAJ)[48] Gull 111,850[44]
Storbritannia (BPI)[49] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Merknad[endre | endre wikiteksten]

  1. Bowie-musikken frå 1984 til 1987 selde godt, men vart slakta av kritikarane. Tonight vart rekna som ein svak oppfølgjar til Let's Dance, og Never Let Me Down vart av kritikarane og Bowie sjølv som hans dårlegaste. Turneen som følgde desse albuma vart òg slakta. Sjølv om Bowie sjølv reknar perioden med Tin Machine frå 1988 som starten på den kunstnariske fornyinga si, fekk bandet berre middels kritikk frå kritikarar og fans medan dei heldt på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Wild, David (21. januar 1993), «Bowie's Wedding Album», Rolling Stone, s. 14 
  2. 2,0 2,1 «David Bowie's genre-hopping career». The Economist. 12. september 2021. Arkivert frå originalen 111. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Black Tie White Noise – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 12. september 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Sullivan, Jim (12. april 1993). «New wife, new album keep David Bowie in fine spirits». The Boston Globe (Boston, Massachusetts: Boston Globe Media Partners, LLC). 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Sinclair, David (1993). «Station to Station». Rolling Stone. New York City: Wenner Media LLC. Arkivert frå originalen 6. august 2017. Henta 12. september 2021 – via davidbowie.se. 
  6. 6,0 6,1 Paytress, Mark (1993), «David Bowie Back in Black (and White)», Record Collector, arkivert frå originalen 11. september 2021, henta 12. september 2021 
  7. «Black Tie White Noise Video EP» by David Bowie, 1993
  8. Sutherland, Steve (27. mars 1993). «Bowie and Brett 'Alias Smith and Jones' Part 2». NME (London, England: Time Inc. UK). Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  9. «David Bowie: Oooh Fashion!». ShowStudio.com. Arkivert frå originalen 9. november 2016. Henta 25. mars 2016. 
  10. «Black Tie White Noise – Blender». Blender. New York City: Alpha Media Group. Arkivert frå originalen 20. august 2009. Henta 12. september 2021. 
  11. Kot, Greg (9. april 1993). «All Dressed Up . . .: Bowie's 'Black Tie' Tries To Go Everywhere But Ends Up Nowhere». Chicago Tribune (Chicago, Illinois: Tronc). Arkivert frå originalen 5. juli 2014. Henta 12. september 2021. 
  12. 12,0 12,1 Tucker, Ken (16. april 1993). «Black Tie White Noise Review». Entertainment Weekly (New York City: Meredith Corporation). Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  13. Cromelin, Richard (4. april 1993). «Album Review». Los Angeles Times (Los Angeles, California). Arkivert frå originalen 18. januar 2012. Henta 12. september 2021. 
  14. Smith, Steve (9. april 1993). «Sounds Around». The Press and Journal. 
  15. 15,0 15,1 Evans, Paul (29. april 1993). «Black Tie White Noise Review». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). Arkivert frå originalen 15. mars 2013. Henta 12. september 2021. 
  16. The New Rolling Stone Album Guide. New York City: Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. ISBN 978-0743201698. 
  17. «Album Review». Uncut (London, England: Time Inc. UK). 1. oktober 2003. Arkivert frå originalen 3. januar 2017. 
  18. 18,0 18,1 Christgau, Robert (23. november 1993). «Turkey Shoot». The Village Voice (New York City: Village Voice Media). Arkivert frå originalen 15. august 2013. Henta 5. juli 2013. 
  19. 19,0 19,1 Quantick, David (2011). «David Bowie Black Tie White Noise Review». BBC. London, England. Arkivert frå originalen 5. september 2017. Henta 6. august 2017. 
  20. Sprague, David (February 1997). «David Bowie Interview». Pulse! (Sacramento, California: Tower Records): 34–37, 72–73. 
  21. Barton, David (8. juni 1989). «David Bowie puts career on the line». Journal-American (Bellevue, Washington: Sound Publishing). s. D5. 
  22. Potter, Matt (11. januar 2013). «Hello Again, Spaceboy». Sabotage Times. Arkivert frå originalen 4. juni 2013. Henta 13. september 2021. 
  23. Pegg 2016, s. 644.
  24. «Jump – The David Bowie Interactive CD-ROM» back cover, Ion, 1994
  25. Burr, Ty (17. juni 1994). «Jump: The David Bowie Interactive CD-ROM». Entertainment Weekly (New York City: Meredith Corporation). Arkivert frå originalen 12. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  26. Strauss, Neil (28. juli 1994). «The Pop Life». The New York Times (New York City). Arkivert frå originalen 26. mai 2015. Henta 12. september 2021. 
  27. Paul, George A. (1995). «Bowie Outside Looking In». Axcess magazine 3 (5). s. 60–62. 
  28. «australian-charts.com David Bowie – Black Tie White Noise». Australian Recording Industry Association. Arkivert frå originalen 12. november 2013. Henta 12. september 2021. 
  29. «David Bowie – Black Tie White Noise – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 13. oktober 2013. Henta 12. september 2021. 
  30. «Top Albums/CDs – Volume 57, No. 16, May 01 1993». RPM. 1. mai 1993. Arkivert frå originalen (PHP) 16. oktober 2013. Henta 12. september 2021. 
  31. «dutchcharts.nl David Bowie – Black Tie White Noise». dutchcharts.nl. MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 13. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  32. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste». infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 7. november 2011. Henta 12. september 2021. 
  33. «Album Search: David Bowie – Black Tie White Noise» (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen (ASP) 6. april 2015. Henta 12. september 2021. 
  34. «Highest position and charting weeks of Black Tie White Noise by David Bowie». oricon.co.jp (på japansk). Oricon Style. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 12. september 2021. 
  35. «charts.nz David Bowie – Black Tie White Noise». Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mai 2017. Henta 12. september 2021. 
  36. «norwegiancharts.com David Bowie – Black Tie White Noise». Arkivert frå originalen (ASP) 16. oktober 2013. Henta 12. september 2021. 
  37. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  38. «swedishcharts.com David Bowie – Black Tie White Noise». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 9. november 2012. Henta 12. september 2021. 
  39. «David Bowie – Black Tie White Noise – hitparade.ch». Arkivert frå originalen (ASP) 8. januar 2014. Henta 12. september 2021. 
  40. "David Bowie | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  41. "David Bowie Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  42. «RPM Top 100 Albums of 1993». RPM. 18. desember 1993. Arkivert frå originalen 9. august 2021. Henta 2. mai 2012. 
  43. «Dutch charts jaaroverzichten 1993» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 22. mars 2015. Henta 2. april 2014. 
  44. 44,0 44,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  45. «Canadian album salstrofé – David Bowie – Black Tie White Noise». Music Canada. 
  46. «French album salstrofé – David Bowie – Black tie» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  47. «InfoDisc : Les Meilleurs Ventes d'Albums «Tout Temps» (33 T. / Cd / Téléchargement)». Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 11. september 2021. Henta 12. september 2021. 
  48. «RIAJ > The Record > April 1997 > Certified Awards (February 1997)» (PDF). Recording Industry Association of Japan (på japansk). Arkivert frå originalen (PDF) 16. oktober 2013. Henta 10. juli 2013. 
  49. «British album salstrofé – David Bowie – Black Tie White Noise». British Phonographic Industry.  Enter Black Tie White Noise in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]