Black Water av The Doobie Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Black Water
Singel av The Doobie Brothers
frå albumet What Were Once Vices Are Now Habits
A-side

Another Park, Another Sunday

Utgjeve 15. november 1974
Innspelt 1973
Studio Warner Bros. Studios, North Hollywood, CA, Burbank Studios, Burbank, CA
Sjanger Rootsrock, countryrock, Southern rock, bluegrass[1]
Lengd 4:18
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Patrick Simmons
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi 
«Nobody» (nyutgjeving)
(1974)
Black Water «Take Me in Your Arms (Rock Me)»
(1975)


«Black Water» er ein song av den amerikanske gruppa The Doobie Brothers frå 1974 på albumet deira What Were Once Vices Are Now Habits. Songen var skriven av Patrick Simmons, som sjølv syng solovokal. Songen vart den første av to Doobie Brothers-songar som gjekk til topps på den amerikanske singellista, i midten av mars 1975.

Bakgrunn og opphavleg B-side[endre | endre wikiteksten]

Simmons laga gitarriffet til songen under innspelinga av det førre albumet deira, The Captain and Me, og skreiv ferdig songen då bandet var i New Orleans. «Black Water» vart først gjeven ut som B-sida til den første singelen frå albumet, «Another Park, Another Sunday», i juni 1974. Denne singelen nådde 32. plassen på Billboard Hot 100. Den andre singelen frå albumet, «Eyes of Silver», nådde ikkje topp 40 på lista, og Warner Bros. valde så å gje ut debutsingelen til Doobie Brothers, «Nobody» frå 1971, igjen hausten 1974 i håp om at songen skulle gjere det betre. Då radiostasjonane etter kvart byrja å spele «Black Water» meir og meir i staden, vart han til slutt gjeven ut som ein eigen singel og vart ein stor hit.

Salslister som B-side[endre | endre wikiteksten]

Vekesliste (1974) Plassering
Canada RPM Top Singles[2] 33
Canada RPM Adult Contemporary 36
New Zealand (Listener)[3] 18
US Billboard Hot 100 32
US Cash Box Top 100 38

Salslister som A-side[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974–75) Plassering
Australia KMR 22
Canada RPM Top Singles 11
US Billboard Hot 100 1
US Billboard Adult Contemporary 38
US Cash Box Top 100[4] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Canada[5] 91
US Billboard Hot 100[6] 15
US Cash Box [7] 13

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Garth Brooks spelte inn «Black Water» i 2013 for det multiple albumet Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences. The Doobie Brothers spelte inn «Black Water» på ny med Zac Brown Band i 2014 for albumet Southbound.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stuyt, Chelsey (17. november 2014). «The Doobie Brothers' 'Southbound' a Jukebox of Greatest Hits». Vancouver Weekly. Arkivert frå originalen 10. november 2020. Henta 3. november 2020. 
  2. RPM Top Singles, 22. juni 1974
  3. http://www.flavourofnz.co.nz/index.php?qpageID=search%20listener&qartistid=868#n_view_location
  4. «Cash Box Top 100 Singles, 22. februar 1975». Arkivert frå originalen 29. april 2018. Henta 29. april 2018. 
  5. «Archived copy». Arkivert frå originalen 25. oktober 2016. Henta 24. oktober 2016. 
  6. «Top 100 Hits of 1975/Top 100 Songs of 1975». Musicoutfitters.com. Henta 9. oktober 2016. 
  7. «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 27. desember 1975». Arkivert frå originalen 22. oktober 2016. Henta 29. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]