Blackfoot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blackfoot-språket)
Blackfoot
Siksiká (ᓱᖽᐧᖿ)
siksikáí’powahsin[1]
ni'tsiitápi'po'ahsin[2]
Klassifisering Algisk
 Algonkinsk
  Plains Algonquian
Bruk
Tala i USA, Canada
Område Blackfeet Indian Reservation i Montana og Piikani, Siksika, og Kainai Reserve i det sørlege Alberta
Blackfoottalande i alt 5 100[3];
5 000 til <8 000[4]
Skriftsystem Blackfoot-stavingsskrift, latinsk skrift
Språkkodar
ISO 639-2 bla
ISO 639-3 bla


Skilt med helsing på blackfoot.

Blackfoot, niitsipowahsin eller siksiká er eit algonkinsk språk som blir tala av blackfootfolk (endonym niitsítapi og siksikaitsitapi).

Språket blir tala av om lag 5000 menneske i Canada av ei etnisk gruppe på 15 000 og av om lag 100 i USA av ei etnisk gruppe på 5–8000. I Canada bur blackfoot-folka på Siksika-, Piegan- og Blood-reservata i den sørlege delen av provinsen Alberta og i USA på Blackfeet-reservatet i delstaten Montana. Dei fire reservata er bustaden til fire undergrupper (engelsk bands) som eksisterte før reservata blei oppretta:

  • Siksik, 'svartefot', på Siksika-reservatet
  • Aapátohsipikani, 'nord-piikani', på Piegan-reservatet
  • Káínaa, 'mange hovdingar', på Blood-reservatet
  • Aamsskáápipikani, 'sør-piikani', på Blackfeet-reservatet

Desse undergruppene snakkar kvar sin av dei fire hovuddialektane av blackfoot-språket.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Fonologi i blackfoot-språket.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot har tre korte og tre lange monoftongar og tre diftongar:

Monoftongar
Fremre
urunda
Sentral
urunda
Bakre
runda
Trong i ii
Midtre o oo
Open a a
Diftongar
Open, sentral
trong, fremre
Open, sentral
midtre, bakre
midtre, bakre
trong, fremre
ai ao oi

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot har ti konsonantar, her attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Alveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p p k '
Affrikat ts
Frikativ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Konsonantane ' , h, w og y er alltid korte, medan alle det ved alle dei andre er distinktiv opposisjon mellom korte og lange. Dei lange blir skrivne ved fordobling av bokstavane for dei korte, som er attgjevne i tabellen over. Lang ts blir skriven tts.

Tonar[endre | endre wikiteksten]

Blackfoot er eit tonespråk, med ein distinktiv opposisjon mellom ein høg tone og ein låg tone. Høg tone er markert ortografisk med ein akutt aksent (´), medan låg tone ikkje er markert. Jamfør desse to orda, som inneheld dei same fonema, men der det fyrste har høg tone (H) på fyrste stavinga og låg tone (L) på andre og tredje stavinga, medan det andre har låg tone på fyrste og siste stavinga og høg tone på andre stavinga:

  • H-L-L ápssiwa, 'det er ei pil'
  • L-H-L apssíwa, 'det er ein fiken'

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Latinsk skrift[endre | endre wikiteksten]

Siksiká-, Kainai- og Aapátohsipikani-reservata tok i bruk ein standardisert ortografi med latinske bokstavar i 1975, utforma av språspesialisten Donald G. Frantz med hjelp frå fleire blackfoottalarar.[1] Blackfoot-alfabetet har 13 bokstavar: a, h, i, k, m, n, o, p, s, t, w, y, og ein glottal plosiv, '.[5]

Bokstav A a H h I i K k M m N n O o P p S s T t W w Y y '
IPA a ~ ʌ h ~ x i ~ ɪ k m n o ~ ʊ p s t ~ d w j ʔ

Ein nyttar også to digrafar, ts ts og ks ks.

Diftongar IPA
ai e ~ ε ~ æ ~ aj
ao ɔ ~ aw
oi oj

Vokalar kan markerast med ein akutt aksent eller vera understreka for å visa tonehøgd. Vokalar og konsonantar som er lange vert skrivne med doble bokstavar (aa = ).[5]

Stavingsskrift[endre | endre wikiteksten]

Ei stavingsskrift, ᑯᖾᖹ ᖿᐟᖻ ᓱᖽᐧᖿ pikoni kayna siksika, blei laga av den anglikanske misjonæren John William Tims kring 1888, til arbeidet hans med å omsetja Bibelen til blackfoot. Stavingsskrifta liknar mykje på den til vestcree, men formene på bokstavane er innovative. To seriar (s, y) blei tekne frå cree men gjevne ulike vokalverdiar; tre til (p, t, m) fekk endra konsonantverdiar, etter kva latinsk bokstav dei likna, og dei andre (k, n, w) vart skapte av asymmetriske delar av latinske og greske bokstavar. Symbolet for nullkonsonanten kan vera avleidd frå musikknotasjonen for ei firedelsnote. Den latinske orientasjonen av bokstavane vert brukt for e-serien, etter namna på dei latinske bokstavane, pe, te osb.

Blackfoot Latinsk kjelde
pe P
te T
ke K
me m
ne N
we digamma Ϝ

Retninga til kvar vokal er ulik frå den til cree, og følgjer latinsk alfabetisk rekkjefølgje. Orienteringa til e vert brukt til diftongen /ai/. Symbol for konsonantane er tekne frå konsonantsymbol utan stammen, bortsett frå for diftongane (Ca pluss [ᐠ] for Cau, og Ca pluss [ᐟ] for Coi.

C -a -e -i -o sist midtre
(ingen)
p-
t-
k-
m-
n-
s-
y-
w-

Det finst også andre sistebokstavar: allofonar [ᑊ] [h] og [ᐦ] [x], og tre midtre: [ᖿᐧ] ksa, [ᒣᐧ] tsa, [ᖿᑉ] kya, [ᖿᙿ] kwa.

[᙮] blir brukt til punktum.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

John Tims var ein anglikansk geistleg som verka for Church Missionary Society. Han var ved Blackfoot-reservatet frå 1883 til 1895. Tims omsette delar av Bibelen til blackfoot. Delar av Matteus-evangeliet var gjevne ut av Church Missionary Society Mission Press i 1887. I 1890 vart Matteus-evangelietgjeve ut av British and Foreign Bible Society, og same året vart andre delar av Bibelen gjevne ut som Readings from the Holy Scriptures av Society for Promoting Christian Knowledge. Tims brukte både latinsk skrift og stavingsskrift. Markus-evangeliet vart omsett av Donald G. Frantz og Patricia Frantz, og gjeve ut av Scriptures Unlimite i 1972. Johannes-evangeliet vart omsett av Wycliffe Bible Translators og blackfootfolk og gjeve ut av Canadian Bible Society i 1979.

Tradisjonell blackfootlitteratur har vore munnleg. I nyare tid er det gjeve ut fleire barnebøker på blackfoot.[6][7][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Siksikáí’powahsin: Blackfoot Language | The Canadian Encyclopedia», www.thecanadianencyclopedia.ca, henta 5. januar 2023 
  2. Blackfoot Language and Culture Program. A Curricular Program and Guide (Early Childhood Services – Grade 9). Alberta Dept. of Education, Edmonton. Language Services Branch. ISBN-0-7732-0439-3.
  3. Estimat frå Ethnologue
  4. Estimat av Martin Heavyhead og Don Frantz, arkivert frå originalen 10. januar 2015, henta 10. juli 2009 
  5. 5,0 5,1 Frantz 2017, s. 163
  6. «Treaty 7 language books | Calgary Public Library», calgarylibrary.ca (på engelsk), henta 5. januar 2023 
  7. «How the Calgary library’s new language centre will help Indigenous children find themselves in literature», thestar.com (på engelsk), 14. desember 2019, henta 5. januar 2023 
  8. «Siksikaitsitapi: Stories of the Blackfoot People , 2022) - Indigenous & First Nations Kids Books - Strong Nations», www.strongnations.com (på engelsk), henta 5. januar 2023 

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]