Blackfoot Confederacy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blackfoot Confederacy

Medlemmer

Blackfoot Confederacy, Niitsitapi, eller Siksikaitsitapi[1] (ᖹᐟᒧᐧᒣᑯ, som tyder 'folket' eller 'blackfoot-talande verkelege folk'[a]), er ei historisk samlenemning for nokre språkleg nærskylde nordamerikanske folkegrupper: Siksika (Blackfoot, 'Svartfot'), Kainai eller Blood ('Mange hovdingar') og to grupper av peigan eller piikani ('Flekkete kjortel'), nord-piikani (Aapátohsipikáni) og sør-piikani (Amskapi Piikani eller Pikuni).[2] Vidare definisjonar omfattar også grupper som tsúùtínà (Sarcee) og A'aninin (Gros Ventre), som tala andre språk, men allierte seg med eller blei med i Blackfoot Confederacy.

Historisk var folk som tilhøyrde Blackfoot Confederacy nomadiske bisonjegerar og aurefiskarar som levde i store område i dei nordlege delane av Great Plains vest i Nord-Amerika, særleg den halvtørre kortgraspæiren. Dei følgde bisonflokkane som vandra mellom det som no utgjer statane USA og Canada, så langt nord som til Bowelva. Frå fyrste halvdelen av 1700-talet skaffa dei seg hestar og skytevåpen frå kvite handelsmenn og mellommenn frå cree- og assiniboinefolka. Blackfootfolk nytta desse til å utvida territoriet sitt på kostnad av nabostammer.

I dag heldt tre sjølvstyrande blackfoot-grupper frå First Nation til i Alberta i Canada (siksika-, kainai- og piikaninasjonen), medan Blackfeet Nation er ein føderalt anerkjend Native American tribe i Montana i USA. Gros Ventre er medlemmer av Fort Belknap Indian Community of the Fort Belknap Reservation of Montana i USA, medan Tsuutʼina Nation er ei First Nation-gruppe i Alberta i Canada.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Compare to Ojibwe: Anishinaabeg and Quinnipiac: Eansketambawg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dempsey, Hugh A. «Blackfoot Confederacy». The Canadian Encyclopedia (på engelsk). Henta 22 July 2017. 
  2. McNeel, Jack (6 April 2017). «10 Things You Should Know about the Blackfeet Nation». Indian Country Media Network. Arkivert frå originalen 5 February 2018. Henta 22 July 2017.