Bladamarant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bladamarant
Bladamarant
Bladamarant
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Underfamilie: Amaranthoideae
Slekt: Amarantslekta Amaranthus
Art: Bladamarant A. tricolor
Vitskapleg namn
Amaranthus tricolor

Bladamarant (Amaranthus tricolor) er ein pryd- og matplante kjend for sine fleirfarga blad. Amaranten stammar frå Sør-Amerika, men blir i dag dyrka fleire stader i verda. Han finst i fleire varietetar og er ofte kjenneteikna av blad med sterk gul-, raud- og grønfarge.

Bladamarant i eit bed.

Amaranten er ein C4-plante med god vekstrate. Han blir dyrka mellom anna i Karibia (der han gjerne er kjend under namnet callalloo), USA (kjend under namn som Joseph's coat og love lies bleeding), Sør-Asia (der han har namn som tandaljo, tandalja bhaji og kuppaikkirai[1]), Aust-Asia og Afrika.

Blad og stilkar av bladamarant kan etast rå som salat eller kokt eller dampa som spinat.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Michel H. Porcher. «Sorting Amaranthus names». 
  2. Grubben, G.J.H. & Denton, O.A. (2004) Plant Resources of Tropical Africa 2. Vegetables. PROTA Foundation, Wageningen; Backhuys, Leiden; CTA, Wageningen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bladamarant