Bladet Folkemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Folkemusikk er eit norsk tidsskrift vigd folkedans og folkemusikk.[1] Det er det einaste folkemusikkbladet i Noreg. Bladet, som tidlegare heitte Bladet Folkemusikk, er eigd av FolkOrg, men er frittståande med eigen, uavhengig redaktør. Bladet blir gjeve ut med støtte frå Norsk kulturråd og Fritt Ord (2012).

Bladet Folkemusikk vart skipa i 2010, på tuftene av historiske Spelemannsbladet og Kvinten. Spelemannsbladet vart publisert fyrste gong i 1941. I 2014 endra bladet namn til Folkemusikk då det også tok inn i seg Årbok for norsk folkemusikk.[1]

Bladet er medlem i Norsk tidsskriftforening. Folkemusikk arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk.[1]

Redaktør frå 2014 er Audun Stokke Hole.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Om oss», Folkemusikk, henta 29. august 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]