Bladet Smult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seriemagasinet Smult var eit blad som vart utgjeve av Bladkompaniet frå 2002 til 2003. Bladet ønskte å promotere ukjende og mindre kjende teikneserieteiknarar og meir alternative sider av den norske teikneseriemarknaden. Bladet kom ut månadleg, men gjekk inn etter sytten nummer i midten av 2003.

Teiknarar[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje teiknarar fekk prøve seg i Smult, kjende og mindre kjende. Bladet hadde nokre trekkplaster frå byrjinga, som til dømes Lise Myhre, Lars Lauvik, Karine Haaland og Mads Eriksen. Eriksen slapp til med sideserien Gnom, og forteljingar om Paul frå Namsos. Denne siste serien vart skriven på Trønderdialekt.

Elles:

Nokre av desse teiknarane hadde før fått trykt sakene sine i bladet Forresten. Nokre av dei som var med, nytta nynorsk (Styve, Bjølseth, Runde).

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Bladet inneheldt nokre artikkelseriar med ymse emne, som Kult-TV-seriar, ein for kvart nummer, med vekt på amerikansk og engelsk krim og Science Fiction (The Avengers, Star Trek, Doctor Who, The man from U.N.C.L.E og Twin Peaks. Seinare kom det og til ei rad artiklar om ulike bløffmakarar, som fortalde om luringar som hadde freista overtyde folk om ting dei meinte dei hadde gjort (eller ikkje gjort), eller om rare band frå 1960-talet.

Siste nummer av Smult vart ekstra tjukt, for å understreke ein god slutt. Det var ikkje mange nok som ville bidra til bladet, og difor vart det lagt ned. Fleire av seriane vart tekne opp i bladet Rocky som kom ut frå august 2003.