Bladkompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bladkompaniet AS var eit norsk forlag som gav ut billegbokseriar, teikneseriar, vekeblader og generell skjønnlitteratur. Forlaget vart etablert den 2. september 1915. Den første utgjevinga var Tidsfordriv. Bladet hadde kome ut med 21 nummer då forlaget vart stifta. Nummer 1-20 hadde ingen opplysningar om utgjevar. I nummer 21, som kom ut om lag ein månad før stiftinga stod det: «Utgitt av Bladkompaniet A/S»

Bladkompaniet vart oppkjøpt av Schibsted AS i 1999 og vart frå 2004 ein del av Schibsted Forlagene. Av Bladkompaniet sine publikasjonar var Detektiv-Magasinet den mest kjente.

Forlagssjef gjennom mange år var Finn Arnesen. Mellom dei mest profilerte forfattarane kan nemnast Rudolf Muus, Kjell Hallbing, Margit Sandemo og Synnøve Eriksen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på bokmål gjev opp denne kjelda:
    • Finn Arnesen. Fra Rudolf Muus til Margit Sandemo: 75 års folkelesning fra Bladkompaniet A.S. Bladkompaniet, 1990 ISBN 82-509-2476-2