Bladkvefsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bladkvefsar
Hoe av Tenthredo notha Foto: Frank Strømmen
Hoe av Tenthredo notha
Foto: Frank Strømmen
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Underorden: Plantekvefsar Symphyta
Familie: Bladkvefsar Tenthredinidae
Latreille, 1802
Underfamiliar
Allantinae
Blennocampinae
Heterarthrinae
Nematinae
Selandriinae
Tenthredininae

Bladkvefsar (Tenthredinidae) er ein familie plantekvefsar. I 2010 var 6000 artar av bladkvefsar kjende globalt, noko som gjer familien til den største mellom plantekvefsane.

Bladkvefsar er frå nokre få millimeter til nesten 1,5 centimeter store - dei fleste under 1 centimeter. Mange er svarte eller mørke med få lyse parti; ofte berre avgrensa til bein, munndelar og bakkroppspiss. Ein del artar er likevel særs rike på letar, særskilt underfamilien Tenthredininae.

Dei fleste bladkvefsane et berre éin type plantar, eller et òg nokre nærskylde artar. Nokre artar kan derimot eta særs ulike plantar, som bregnar og vier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Bladvepser - Tenthredinidae skriven av Ole Jørgen Lønnve, Erik Heibo og Andreas Taeger. Artikkelen vart utgjeven av BioFokus, Sweco og Senckenberg Deutsches Entomologisches Institut Müncheberg under lisensen CC BY 3.0. Henta 1. august 2016.
    Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.