Bladlus
Utsjånad
| Bladlus | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
| Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
| Klasse: | Insekt Insecta |
| Orden: | Nebbmunnar Hemiptera |
| Underorden: | Sternorrhyncha |
| Infraorden: | Aphidomorpha |
| Overfamilie: | Bladlus Aphidoidea Latreille, 1802 |
Bladlus er ei gruppe insekt (nebbmunnar) som lever av plantekost. Det er kjend rundt 4 000 artar fordelt på 10 familiar, om lag 250 av desse vert rekna som skadedyr innanfor landbruk, skogbruk og hagedyrking. Dei finst over heile verda, men er mest vanlege i tempererte strok.
Bladlus varierer i storleik frå 1 til 10 millimeter. Dei er hovudføde for marihøner, lever stundom i mutualisme med maur og kan formeira og spreie seg særs fort.