Bladsongarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bladsongarfamilien
Austsongar, Phylloscopus trochiloides
Austsongar, Phylloscopus trochiloides
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Bladsongarfamilien Phylloscopidae
Boie, 1826

Bladsongarfamilien, Phylloscopidae, er ein nyleg skildra biologisk familie av små insektetande sporvefuglar tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae. Medlemmene finst i Eurasia, i Afrika og lappsongar hekkar aust i Alaska. Dei fleste lever i skog og kratt og fangar ofte føda i flukt.

Artane har ofte fjørdrakt som er grønleg over med gult på undersida, eller meir avdempa med grågrøne til gråbrune farger. Fargene varierande lite med årstidene eller ikkje i det heile. Halane er ikkje veldige lange, og inneheld 12 fjører.

Frå 2019 er alle 77 artane i familien plasserte inn i den eine slekta Phylloscopus, etter eBird/Clements Checklist v2019[1] Før 2019 gjorde 11 artar ut for eit eiget takson på slektsnivå, med namnet Seicercus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020