Bladstilk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blad av steinnype (Rosa canina), der ein ser sjølve stilken, to bladaktige akselblad og fem småblad.

Bladstilk (petiol, petiolus) er innan botanikk den smale stilken som festar eit blad til stengelen.[1]

Bladstilken er dermed mellomleddet mellom stengelen og bladet, og har som oftast same indre oppbygning som stengelen. Utvekstar på sida av bladstilken blir kalla akselblad. Blad som manglar ein stilk, blir kalla sitjande blad med bladfeste. Dei som berre har ein ganske kort stilk blir kalla halvsitjande. Blada hjå grasartar kan ha ein omforma bladstilk kalla ei bladslire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «B - Institutt for biovitenskap», www.mn.uio.no, henta 3. juli 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bladstilk