Hopp til innhald

Blanda lag under sommar-OL 1896

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blanda lag under sommar-OL 1896

IOK-kodeZZX
Utøvarar6
Idrettsgreiner1
Medaljefordeling under sommar-OL 1896
Gull1
Sølv1
Bronse1
Totalt3
Olympisk historie
Olympiske sommarleikar
1896 · 1900 · 1904 · 19061 · 1908–2012
1 ikkje offisielt anerkjend av IOK

Eit blanda lag (IOK-kode ZZX) deltok for fyrste gong under sommar-OL i 1896, som òg var dei fyrste moderne olympiske sommarleikane. Tre blanda lag deltok, med utøvarar frå Storbritannia, Tyskland, Hellas og Australia.

Dei olympiske ringane 1896   Gull     Sølv   Bronse   Totalt  
Blanda lag Blanda lag 1113

Det vart ikkje utdelt gull-, sølv- og bronsemedaljar under sommar-OL 1896 i Aten. Vinnaren fekk ein sølvmedalje og andreplassen fekk ein bronsemedalje. Det var fyrst under sommar-OL 1904 det vart utdelt medaljar til dei tre beste, men Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) har stadfesta at medaljefordelinga òg gjeld for dei olympiske leikane i 1896 og 1990.

Medaljevinnarar

[endre | endre wikiteksten]
Blanda lag Blanda lag under sommar-OL 1896 i Aten Dei olympiske ringane
MedaljarUtøvararIdrettsgreinerØvingarResultat
Det britiske flagget John Pius Boland (GBR)
Flagget til Tyskland Friedrich Traun (GER)
Tennis TennisDobbel
Flagget til Hellas Dionýsios Kásdaglis (GRE)
Flagget til Hellas Dimítrios Petrokókkinos (GRE)
Tennis TennisDobbel
Det britiske flagget Edwin Flack (AUS)
Det britiske flagget George S. Robertson (GBR)
Tennis TennisDobbel

Dionýsios Kásdaglis står oppført som gresk i medaljestatistikken til IOK frå singel tennis i 1896. Same år deltok han i dobbel tennis, saman med Dimítrios Petrokókkinos, men står der oppført som eit blanda lag. Petrokókkinos, som ikkje har vunne nokon medalje i singel tennis, er ikkje identifisert med nokon nasjon i statistikken til IOK, men alle kjelder seier at han er gresk. Kásdaglis, ein grekar busett i Alexandria i Egypt, vert oppført som egyptisk i nokre kjelder.

Edwin Flack deltok som australiar, men Australia vart ikkje ein sjølvstendig nasjon før i 1901. Dei nytta difor flagget til Det britiske imperiet, som dei var ein del av.

  • Lampros, S.P.; Polites, N.G.; De Coubertin, Pierre; Philemon, P.J.; & Anninos, C. (1897). The Olympic Games: BC 776 AD 1896. Athens: Charles Beck.  (Digitally available at )
  • Mallon, Bill; & Widlund, Ture (1998). The 1896 Olympic Games. Results for All Competitors in All Events, with Commentary. Jefferson: McFarland. ISBN 0-7864-0379-9.  (Excerpt available at )
  • Smith, Michael Llewellyn (2004). Olympics in Athens 1896. The Invention of the Modern Olympic Games. London: Profile Books. ISBN 1-86197-342-X.