Blantyre i South Lanarkshire
Utsjånad
| Blantyre | |||
| Baile an t-Saoir | |||
| by | |||
Shuttle Row, fødestaden til David Livingstone. Foto: Thomas Nugent (2008) | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | South Lanarkshire | ||
| Tradisjonelt grevskap | Lanarkshire | ||
| Folketal | 16 900 (2016) | ||
| Postnummer | G72 | ||
| Retningsnummer | 0 1698 | ||
![]() Blantyre i South Lanarkshire 55°47′37″N 4°05′31″W / 55.793611111111°N 4.0919444444444°W | |||
| Wikimedia Commons: Blantyre, South Lanarkshire | |||
Blantyre (skotsk-gælisk Baile an t-Saoir ) er ein by og burgh i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 17 500 innbyggjarar og ligg kring 10 km søraust for Glasgow i Skottland.
Namnet skal stamme frå kumbrisk: blaen tir, som tyder «på toppen av landet»[1], som sidan har vorte gjort skotsk-gælisk. Byen grensar til elvane Clyde i nord og Rotten Calder i vest, Park Burn i aust og elva Rotten Burn i sør.
Byen er ein del av tettstadsområdet til nabobyen Hamilton som i 2004 hadde totalt 66 500 innbyggjarar, av desse budde 17 505 innbyggjarar i sjølve Blantyre.[2][3]
Ikkje langt frå byen ligg Bothwell Castle frå 1200-talet.[4]
Kjende folk frå Blantyre
[endre | endre wikiteksten]- John Gowans – generalen til Frelsesarmeen (1999–2002)
- David Livingstone (1813–1873) – misjonær og oppdagar
- John Fallon (f. 1940) – Keeper på Celtic FC (1958–1972)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Watson, W.: A History of Celtic Place-names of Scotland, Edinburgh 1926
- ↑ «Usual Resident Population: Civil Parish: Blantyre»[daud lenkje] Scotland's Census Results Online: Census: 29 April 2001, General Register Office for Scotland, Edinburgh, 2011, vitja 3. nov. 2011
- ↑ filt1/stat/04mid-year-estimates-localities-table4.xls General Register Office for Scotland, Mid-2004 Population estimates for localities (excelfil)[daud lenkje] filt1/stat/04mid-year-estimates-settlement sine-table2.xls General Register Office for Scotland, Mid-2004 Population estimates for settlement sine (excelfil)[daud lenkje]
- ↑ The history of Blantyre, arkivert frå originalen 1. mars 2007, henta 3. november 2011
- Denne artikkelen bygger på «Blantyre (South Lanarkshire)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
