Blas Cantó

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blas Cantó

Fødd26. oktober 1991 (32 år)
FødestadRicote
FødenamnBlas Cantó Moreno
OpphavSpania
Aktiv2000–
Sjangerlatino-pop
Stemmetypekontratenor
PlateselskapWarner Music Group
Verka somsongar

Blas Cantó Moreno (fødd 26. oktober 1991 i Ricote i Murcia) er ein spansk songar.[1][2] Han vart kjend i Spania som eit av medlemmane i det spanske bandet Auryn, og i 2017 starta han ein solokarriere. Cantó skulle representere Spania i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Universo»,[3] men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. I staden representerte Cantó Spania i Eurovision Song Contest i 2021 med låten «Voy a quedarme».[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som åtteåring i 2000 deltok Cantó i Veo Veo, eit talentshow for barn på spansk tv.[2][5] Fire år seinare deltok han i Eurojunior, den spanske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2004Lillehammer i Noreg. Han kom til finalen med songen «Sentir», men tapte for María Isabel, som seinare òg vann den europeiske finalen på Lillehammer med songen «Antes muerta que sencilla».

I 2009 danna Cantó gutegruppa Auryn saman med Álvaro Gango, Carlos Marco, David Lafuente og Dani Fernández.[2] I 2011 deltok bandet i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011. I likskap med Eurojunior vart tevlinga arrangert av kringkastaren TVE. Auryn nådde topp tre i den spanske finalen, men tapte til slutt for Lucía Pérez.

Etter Destino Eurovisión vart Auryn populære, og gruppa slapp sin fyrste singel «Breathe in the Light» seinare same år. Debutalbumet Endless Road, 7058 vart utgjeve året etter, og både singelen og albumet nådde topp 10 på dei spanske singel- og albumlistene. Oppfølgjaralbumet Anti-Heroes kom i 2013 og gjekk rett inn på fyrsteplass på den spanske albumlista og selde seinare til platina. Det tredje albumet til bandet, Circus Avenue, kom like etter singelen «Puppeteer». Både albumet og singelen nådde fyrsteplass på dei spanske listene. Det fjerde albumet Ghost Town kom i desember 2015, men eit halvt år seinare tok bandet ein pause, og medlemmane konsentrerte seg i staden om soloprosjekt.[6][7]

I 2016 deltok Cantó i femte sesong av tv-serien Tu cara me suena, basert på det amerikanske TV-konseptet Your Face Sounds Familiar. I programmet opptrer kjendisar sminka og omkledd som ein kjend eller ikonisk musikkartist. Sesongen hadde premiere på TV-kanalen Antena 3 i oktober 2016, med finalen 3. mars 2017. Med 55 prosent av røystene i telefonavrøystinga, vann Cantó tevlinga.[8]

Cantó skreiv deretter platekontrakt med Warner Music Spain, og slapp sin fyrste solosingel «In Your Bed» på same dag som finalen i Tu Cara Me Suena.[9] Han slapp sin fyrste spanskspråklege singel, «Él no soy yo», 9. mars 2018.[10] Singelen selde til platina, og 14. september 201 slapp han sitt fyrste spanskspråklege album, Complicado som debuterte på toppen av den spanske albumlista.[11]

5. oktober 2019 kunngjorde TVE at Cantó skulle representere Spania i Eurovision Song Contest 2020.[3] Han skulle ha delteke med songen «Universo», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[12] I staden fekk Cantó representere Spania i 2021 med «Voy a quedarme».[4][13] Songen fekk berre 6 poeng, alle frå juryavrøystinga, og vart nummer 24 av 26.[14]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blas Cantó: No hemos podido disfrutar de la venta de disco, como antes». La Vanguardia (på spansk). 1. august 2019. Henta 5. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Blas Cantó» (på spansk). Henta 5. oktober 2019. 
  3. 3,0 3,1 Fuster, Luis (5. oktober 2019). «Blas Cantó will represent Spain at Eurovision 2020». Henta 5. oktober 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Blas Canto confirms he'll represent Spain in Eurovision 2021...and applauds "incredible human team" behind ESC» (på engelsk). 18. mars 2020. Henta 20. mars 2020. 
  5. Zavala, Cristina (26. mars 2019). «BLAS CANTÓ, PREPARADO PARA EL DESPEGUE Y PROTAGONISTA DE UN NUEVO LOS40 STAGE». Los 40 (på spansk). Henta 5. oktober 2019. 
  6. «Auryn se separa temporalmente tras el fichaje de Blas por 'Tu cara me suena'». El Español (på spansk). 28. juli 2016. Arkivert frå originalen 25. september 2017. Henta 28. juli 2016.  Arkivert 25. september 2017 på Wayback Machine.
  7. «Auryn diskografi». Spanish charts portal. Henta 6. oktober 2019. 
  8. «Blas Cantó gana la final de ‘Tu cara me suena’». El País (på spansk). 4. mars 2017. Henta 5. oktober 2019. 
  9. «Blas Cantó Anuncia el Lanzamiento de In Your Bed, su Primer Single en Solitario». El Mundo (på spansk) (Unidad Editorial). 22. februar 2017. Arkivert frå originalen 24. august 2017. Henta 12. januar 2019. 
  10. «"Él no soy yo", primer single en español de Blas Cantó». Cadena 100 (på spansk). 9. mars 2018. Henta 5. oktober 2019. 
  11. «Blas Cantó: «No hay que tener miedo a ser diferente»». La Verdad (på spansk). Europa Press. 14. september 2019. Henta 5. oktober 2019. 
  12. «Blas Cantó to sing 'Universo' for Spain in Rotterdam». eurovision.tv. 23. januar 2020. Henta 25. januar 2020. 
  13. «Spain chooses 'Voy a quedarme' for Blas Cantó» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 21. februar 2021. 
  14. «Blas Cantó - Spain - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.