Blau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blau frå Blaubeuren til Ulm (Postkort av Eugen Felle, rundt 1900)

Blau er ei 15 km lang elv i Baden-Württemberg sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Ho har sitt utspring i ei karstkjelde kalla Blautopf, i byen Blaubeuren i Schwabisk Alb. Ho renn austover gjennom Blaustein til byen Ulm, der ho munnar ut i Donau.

Blaudalen[endre | endre wikiteksten]

Blaudalen vart forma av Donau. Då Schwabisk Alb steig grov først Donau seg djupare og djupare ned i dalen, men hamna etter kvart i ei lei som gjekk lenger sørvest. I dalen som vart igjen flyt Schmiech sørover og møter Donau i Ehingen og Blau renn austover til Ulm.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]