Blautjerninstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blautjernsinstrument)
Blautjerninstrument

Blautjerninstrument er eit apparat for måling av elektrisk straum eller spenning. Straumen vert ført gjennom ein fastmontert sylindrisk spole som påverkar ei rørleg kjerne av blautt (ikkje magnetisert) jern. Rørsla av jernkjernen er avhengig av effektivverdien til straumen og vert overført til ein visar. Fordi det alltid er effektivverdien som vert målt, kan blautjernsinstrument nyttast til målingar av både like- og vekselstraumar. Det er særskild veleigna til å måle ikkje-sinusforma vekselstraumar, der andre typar måleinstrument ofte vil vise feil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]