Blekkfløyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blekkfløyte

KlassifiseringIrish flute, open flutes with internal duct with fingerholes
Hornbostel-Sachs klassifisering421.221.12

Blekkfløyte er eit musikkinstrument som ofte blir brukt i folkemusikk, særleg i skotsk og irsk folkemusikk. Av utsjånad kan blekkfløyte minna om ei tynn blokkfløyte i metall, men ei vanleg blikkfløyta har berre seks fingerhpl, som ein dekker med peikefinger, langfinger og ringfinger på kvar hand.

Register[endre | endre wikiteksten]

Blekkfløyter har vanlegvis eit omfang på kring to oktavar. Dei er diatone og normalt laga for å spela i ein durskala. Ei D-fløyte, som er den vanlegaste tradisjonelle fløyta, kan såleis spela to durskalaer frå D1 til D3. Det øvste registeret speler ein normalt med dei same grepa som det nedste, men med sterkare luftstraum. På dei fleste fløyter finst det i tillegg til dei ordinære grepa med stor ters og septim også eit gaffelgrep for liten septim, ofte med hola 2-3-4-6 dekka. Dette gjer at ein i tillegg til grunntonearten også kan spela den subdominante durtonearten, altså G-dur på ei D-fløyte. I subdominanttonearten vil fløyta ikkje dekka to heile oktavar, men ein heil pluss to halve. Ein kan også spela parallelltoneartane h-moll og e-moll, og eventuelt a-moll. Andre toneartar må ein spela ved å bruk halvdekka fingerhol, ettersom det normalt ikkje finst andre stabile gaffelgrep på tradisjonelle fløyter.

Nokre fløytemakarar lagar også tenorfløyter, kalla low whistles på engelsk. Desse kling ein oktav under dei vanlege fløytene og har gjerne ein varm, rund tone.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var blekkfløyter som regel svært billige instrument, jf. den engelske nemninga penny whistle. Billige fløyter er framleis utbreidde, t.d. Generation, som består av eit messingrøyr med støypt plastmunnstykke, og Clarke, som er laga av ei blikkplate som er rulla sammen til ein konus, med treblokk. Det har også kom til stadig meir forseggjorte og akustisk nøyaktige fløyter av ulike materiale, som plast, aluminium og tre.

Utøvarar[endre | endre wikiteksten]

I Norge er særleg Steinar Ofsdal og Hans Fredrik Jacobsen kjende for å spela blekkfløyte, men også folkemusikkinspirerte band som Vamp og Hellbillies har brukt instrumentet.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]