Blidnesle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blidnesle
Blidnesle
Blidnesle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Slekt: Blidnesleslekta Parietaria
Art: Blidnesle P. judaica
Vitskapleg namn
Parietaria judaica

Blidnesle (Parietaria judaica) er ei urt i neslefamilien. Planten blir rundt 30 cm høg, og har blomar i grøne centimeterstore nøster. Blada har ikkje brennhår på same måte som brennesle.[1] I staden er han kjenneteikna av klistrande hår.[2]

Blidnesle har motsette blad som er 2-8 cm lange og er mjuke, grøne og ovalforma med spisse endar. Stenglane er raude eller rosa. Planten har små, lysegrøne blomar som sit i klasar på stengelen.[2]

Planten kjem frå Europa, Sentral- og Vest-Asia og Nord-Afrika.[2] Han er ein sjeldan gong å finna i Noreg, typisk på avfallsplassar.[1] Han er vurdert som ein ikkje reproduserande framand art.[3]

Blidnesle er mildt giftig for menneske. Plantehåra kan gje ein mild hudreaksjon medan pollenet kan forårsaka allergiske reaksjonar som astma, høysnue, sterk hudirritasjon og augekatarr. Eit av dei engelske namna for planten er asthma weed.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «blidnesle» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Pellitory (Parietaria judaica)». NSW WeedWise. 
  3. «Blidnesle Parietaria judaica L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017.