Blind-Anna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blind-Anna
Fødd 1769
Død

21. juni 1847 (78 år)

Anna Ivarsdotter Opedal (fødd 1769 i Ullensvang, død 21. juni 1847) var ein kjend norsk tradisjonsberar i Indre Hardanger på 1800-talet. Til vanleg vart ho kalla Blind-Anna.

Anna Opedal vart blind etter at ho fekk koppar i barndommen. I mange år tente ho i prestegarden hjå prosten Niels Hertzberg i Ullensvang. På sine eldre dagar budde ho hjå ei syster, og fekk stønad frå kyrkjesoknet. Ho var kjend i lokalmiljøet som ei uvanleg påliteleg kjelde til eventyr, segner og folkeviser.

Jørgen Moe kom til Hardanger på innsamlingsferd sommaren 1846, fekk han møta Blind-Anna og skreiv ned ein del stoff etter henne. Blind-Anna gjorde eit sterkt inntrykk på Moe, noko ein kan sjå av måten han skildrar henne på i teksten Blind-Anne frå 1850. Her ser han henne som ei personifisering av den djupe, poetiske folkediktaråra. Han skildrar også korleis ho kunne trollbinda ein stor skare med born med eventyra sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipedia referte til desse kjeldene: