Blindelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blindelag var lokale frivillige lag i Noreg som arbeidde for blindesaka. Mange av dei var skipa på 1950-talet. Aktiviteten i desse laga vart mindre og mindre utover 1970-talet og fram til tusenårsskiftet ettersom det var dårleg med nyrekruttering av medlemmer og dei som opphavleg skipa laget vart eldre og eldre og etterkvart døydde.

Aktiviten var ofte innsamling av pengar til blindesaka gjennom lotteri, sal av handlaga produkt. Møta var ofte organiserte ved at medlemma møttest hos kvarandre. Dette gjekk ofte på rundgang og kunne vere i for av syklubb eller syforeining.

Ein del arkivmateriale for somme lag er å finne i private og offentlege arkiv.

Lokale blindelag[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]