Blindveg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt nr. 527.1 som viser at vegen er fysisk stengd.

Ein blindveg eller ei blindgate er ein veg eller ei gate som endar blindt og berre kan forlatast gjennom innkøyrselen. Ein blindveg blir ofte bygd for å unngå gjennomgangstrafikk. Han kan også bli til når ein tidlegare veg blir avskoren av eit nytt byggverk, ofte også på grunn av geografiske tilhøve, som når ein veg endar ute på eit nes.

I overført tyding kan blindveg vise til ein freistnad som har stoppa opp og ikkje fører fram. Ordet kan også brukast metaforisk om teknologi, til dømes om lydformat som minidisk og DAT-band der ein ikkje ser for seg vidare utvikling og framsteg.

I labyrintar er blindvegar ofte eit viktig stilelement.

Cul-de-sac[endre | endre wikiteksten]

Skilt for blindgate i Dublin, Irland

Cul-de-sac (bokstaveleg «botn av posen» på fransk) er eit uttrykk av fransk opphav som er brukt i engelsktalande land for stengde vegar, vegar utan gjennomkøyrsel, i tydinga blindvegar. Medan dei historisk sett var bygd av andre årsaker, er den moderne grunnen for at dei er vidareført for å roe ned og dempe trafikk, særleg gjennomgangstrafikk.

Ordet kan også referere til ein vanskeleg situasjon, ei knipe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]