Blixprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blix-prisen)
Hopp til navigering Hopp til søk

Blixprisen, somme tider skrive Blix-prisen, er ein litteraturpris som vert delt ut årleg til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk. Det skal leggjast vekt på å heidra yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom. Prisen kan delast ut for skjønnlitteratur eller faglitteratur. Grunnlaget for prisen er Emma og Elias Blix' legat. Prisvinnaren vert utpeika etter tilråding frå ei nemnd med medlemmer frå Nord-Norsk Kulturråd, Nordnorsk Forfatterlag og Det Norske Samlaget.

Legatet som gjev det økonomiske grunnlaget for prisen, er gjeve av Marie (1873 - 1920) og Einar Blix (1880 - 1941) og sett i verk av Ivar Blix til minne om foreldra deira, Emma og Elias Blix, og «skal ha til oppgåve å fremja arbeidet for nynorsk litteratur». Legatet vert forvalta av Det Norske Samlaget.

Vinnarane av Blixprisen[endre | endre wikiteksten]

År Vinnar
2015 Horndal, SisselSissel Horndal for det barnelitterære forfattarskapet sitt[1]
2013 Grøtan, TeresaTeresa Grøtan for bøkene om Klara[2]
2012 Bjørkli, Anne OsvaldsdatterAnne Osvaldsdatter Bjørkli for barneboka Huskereisa[3]
2011 Holvik, IngvildIngvild Holvik for debutromanen Lykkefeltet
2010 Kollbotn, KjerstiKjersti Kollbotn for debutromanen Eg er mamma, eg skal vere god
2009 Simonsen, Are BredahlAre Bredahl Simonsen
2008 Stein, TaraldTarald Stein
2007 Hanssen, Sigrid MeretheSigrid Merethe Hanssen
2006 Larsen, IreneIrene Larsen[4]
2005 Myhre, ToveTove Myhre[5]
2004 Hellemo, TrondTrond Hellemo
2003 Hoel, Tore EliasTore Elias Hoel
2002 Skulbru, MalvinMalvin Skulbru
2001 Johansen, Inge EbergInge Eberg Johansen
2000 Trohaug, RagnfridRagnfrid Trohaug
1999 Hellebust, KineKine Hellebust
1998 Prisen vart ikkje delt ut
1995 Jensen, EvaEva Jensen
1997 Nilsen, TerjeTerje Nilsen
1996 Stangnes, HelgeHelge Stangnes
1994 Bremnes, OlaOla Bremnes
1993 Sande, HansHans Sande
1992 Olsen, RagnarRagnar Olsen
1991 Stornes, GunvorGunvor Stornes
1990 Aga, HanneHanne Aga
1989 Bjugn, Sissel SolbjørgSissel Solbjørg Bjugn
1988 Eidnes, AsbjørnAsbjørn Eidnes
1987 Skogholt, Jahn-ArillJahn-Arill Skogholt
1986 Nymo, JohanJohan Nymo
1985 Knutsen, Tove KarolineTove Karoline Knutsen
1984 Myrvang, FinnFinn Myrvang
1983 Eriksen, Hans KristianHans Kristian Eriksen
1982 Berntsen, JackJack Berntsen
1981 Hanssen, ArvidArvid Hanssen
1980 Ruud, EdvardEdvard Ruud
1979 Blix, DagmarDagmar Blix
1978 Nilsskog, AudunAudun Nilsskog
1977 Jåstad, BirgerBirger Jåstad[6]
1969
til
1976
Prisen vart ikkje delt ut
1968 Haugen, Paal-HelgePaal-Helge Haugen
Økland, EinarEinar Økland[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blix-prisen til Sissel Horndal». Nordlys. Henta 17. februar 2016. 
  2. Avisa Nordland 7.11.2013
  3. ««Blix-prisen 2012 til Anne Osvaldsdatter Bjørkli»». Det Norske Samlaget. 23. november 2012. Henta 20. januar 2013. 
  4. [1]
  5. [2]
  6. Aftenposten: «Blix-prisen til Birger Jåstad». 22. august 1977. s. 4.
  7. Trond Andreassen (1991). Bok-Norge : en litteratursosiologisk undersøkelse. Oslo: Universitetsforlaget. s. 352. ISBN 8200215814. 

Kjelde[endre | endre wikiteksten]