Blodfasan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blodfasan
Blodfasan
Blodfasan
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Slekt: Ithaginis
Art: Blodfasan I. cruentus
Vitskapleg namn
Ithaginis cruentus

Blodfasan[1] (Ithaginis cruentus) er ein asiatisk fugl i familien fasanfuglar i ordenen hønsefuglar.[2]

Blodfasan var nasjonalfugl for det tidlegare Kongeriket Sikkim,[3] og er delstatsfugl for noverande Sikkim i India.[4]

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Blodfasanen er ein ganske liten (hann 44-48 cm, ho 39,5-42 cm) og rapphønelik fasan med hovuddusk, raude bein og raud bar hud kring auget. Hannen er kvitstreka grå på oversida, lyst grønaktig under og blodraud på strupen og deler av halen, av og til òg i ulikt omfang på brystet. Hoa har grå dusk og nakke, rustoransje andlet, mørkebrun oversida og rustbrun underside. Dei ulike underartane varierer i mønsteret av svart og raudt i andletet og utbreiinga av det raude på brystet. Revirlætet er ein serie hese skrik som i engelsk litteratur blir attgjeve «glee-glee-keweee!-keweee!-keweee!».[5][6]

To hannar og ei ho i Nepal.

Utbreiing og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Blodfasanen er plassert som einaste art i slekta Ithaginis. Ein deler han inn i 14 underartar med følgjande utbreiing:[2]

  • Ithaginis cruentus cruentus – nordlege Nepal og nordvestre Bhutan
  • Ithaginis cruentus affinisSikkim
  • Ithaginis cruentus tibetanus – austlege Bhutan og sørlege Tibet
  • Ithaginis cruentus kuseri – nordaustre India (øvre Assam) og sydöstra Tibet
  • Ithaginis cruentus geoffroyi – vestlege Kina (vestlege Sichuan) og søraustre Tibet
  • Ithaginis cruentus marionae – nordvestre Yunnan i Kina og nordaustre Myanmar
  • Ithaginis cruentus rockiMekongdalen i nordvestre Yunnan
  • Ithaginis cruentus holoptilus – Likiangdistriktet i Yunnan
  • Ithaginis cruentus clarkei – fjelltrakter i Likiang i nordvestre Yunnan
  • Ithaginis cruentus michaelis – Nan Shan-fjella i nordvestre Gansu
  • Ithaginis cruentus beicki – nordaustre Qinghai og tilgrensande Gansu
  • Ithaginis cruentus berezowskii – fjelltrakter i sørlege Gansu og nordlege Sichuan
  • Ithaginis cruentus annae – fjelltrakter i nordvestre Sichuan
  • Ithaginis cruentus sinensis – Tsinlingbergen i sørlege Shaanxi og sørvestre Hunan

Underarten holoptilus blir ofte inkludert i rocki og annae i berezowskii.[7]

Levesett[endre | endre wikiteksten]

I Nepal finst arten i høgda med rhododendronvekstar og andre typar buskområde mellom 3200 og 4500 meter. På vinterstida søkjer han seg til lågare regionar ned til 2500 meter over havet, varierande geografisk og etter vêrlag. Arten lever hovudsakleg av mos, lauv og grasskot, men ein har òg observert at han et insekt. Fuglen legg egg frå midten av april til slutten av juni.[5]

Blodfasan i Bhutan.

Status og trugslar[endre | endre wikiteksten]

Arten har eit stort utbreiingsområde og ein stor populasjon, men ein trur talet er redusert på grunn av habitattap og jakt. Nedgangen er likevel ikkje tilstrekkeleg kraftig til at han skal vurderast som truga. Den internasjonale naturvernsunionen IUCN kategoriserer derfor arten som livskraftig (LC).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sveriges ornitologiska förening (2018) Officiella listan över svenska namn på världens fågelarter, läst 2018-02-14
  2. 2,0 2,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, D. Roberson, T. A. Fredericks, B. L. Sullivan, and C. L. Wood (2016) The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 2016 http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download, henta 2016-08-11
  3. Verma, R. (1999). Sikkim: A Guide and Handbook : with Road, Town, and Trekking Maps. Gangtok, India: S. Verma. s. 130. ASIN B0006FEJ74. 
  4. Kazmierczak, K.; Singh, R. (1998). A Birdwatchers' Guide to India. London, UK: Prion. s. 137. ISBN 978-1-871104-08-0. 
  5. 5,0 5,1 McGowan, P.J.K., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2018). Blood Pheasant (Ithaginis cruentus). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (hämtad från https://www.hbw.com/node/53475 18 december 2018).
  6. Grimmett, R.; Inskipp,C. & Inskipp, T. 1999. Birds of the Indian Subcontinent. Oxford University Press
  7. Gill, F & D Donsker (Eds). 2017. IOC World Bird List (v 7.3). doi : 10.14344/IOC.ML.7.3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: blodfasan
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ithaginis cruentus