Blodoverføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trening på blodoverføring.

Blodoverføring eller transfusjon er ein medisinsk prosess der ein overfører blodkomponentar eller plasmaprodukt mellom menneske eller dyr. Slik overføring er ei utbreidd form for transplantasjon, og blei utvikla på 1800- og 1900-talet.

Ein kan overføra blod ved ei rekkje høve, som blodtap ved sjukdom, skade eller operasjonar, eller i samband med at produksjonen av visse komponentar i blodet ikkje skjer slik han skal.

Ved overføring som omfattar raude blodceller bør gjevar og mottakar ha lik blodtype, elles kan antistoff i blodet føra til ein transfusjonsreaksjon. I visse høve er det mogleg å overføra blodet til ein pasient tilbake til pasienten (autotransfusjon).

Blodoverføring under andre verdskrigen.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Fullblodoverføring.
  • Konsentrerte raude blodlekamar (ved låg blodprosent)
  • Konsentrerte blodplater (når desse manglar, til dømes ved cellegiftbehandling eller visse sjukdommar)
  • Frisk frosen blodplasma (når protein eller faktorar som kan få blodet til å levra seg manglar ved akutte, store blødningar.) Blodplasma kan også overførast ved blødarsjukdom og alvorleg brannskade.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Artikkel om blodoverføring av James Blundell i The Lancet (1828).

Ein byrja eksperimentera med blodoverføring på 1600-talet, etter at den engelske legen William Harvey oppdaga blodsirkulasjonen i 1628. I 1665 lukkast Richard Lower i Oxford med å overføra blod mellom hundar. To år seinare utførte den kongelege livlegen i Frankrike, dr. Jean-Baptiste Denis, fleire overføringar mellom dyr og menneske. Medan dei første forsøka innebar overføringar av små mengder blod frå sauer til menneske, og blei rapporterte som store suksessar, døydde to pasientar etter fleire omgangar med blodoverføringar. Sjølv om Denis blei frikjend for noka form for feilbehandling, blei blodoverføringar til menneske etter dette strengt regulerte eller forbodne av det franske parlamentet, det engelske Royal Society og av den katolske paven.

I 1818 utførte den engelske legen James Blundell den første vellukka blodoverføringa mellom mennske, då han overførte blod til ei barselkvinne frå ektemannen hennar ved hjelp av ei sprøyte. Mellom 1825 og 1830 utført Blundell ti blodoverføringar der fem av dei hadde god verknad, og publiserte resultatet. Han utvikla også fleire instrument for å letta blodoverføring.

Desse tidlege blodoverføringane var risikable, og pasientar kunne få kraftige reaksjonar, utan at ein skjøna kvifor. Først i 1900 hadde Karl Landsteiner oppdaga og skildra blodtypesystemet ABO, medan Philip Levine oppdaga Rh-systemet i 1940. Typebestemming gjorde blodoverføring mykje tryggare. Andre forskarar, som Albert Hustin og Luis Agote, hadde funne stoff som hindra koagulasjon, eller andre teknikkar som kunne brukast til å oppbevara blod eller bloddelar. Dermed kunne blod også oppbevarast over lengre tid i blodbankar.

Sjølv om ein sjeldan får kraftige reaksjonar ved blodoverføring i dag, er det framleis mogleg å få større eller mindre transfusjonsreaksjonar, som regel fordi immunforsvaret til mottakaren reagerer. Visse smittestoff som hepatittvirus og HIV kan også overførast gjennom blod. Før HIV/AIDS var kjend blei fleire personar smitta gjennom sjukdommen gjennom blodoverføringar.

Vidare finst det nokre religiøse grupper som ikkje tillèt blodoverføring, som Jehovas vitne, med bakgrunn i 3. Mosebok 17:14 og Apostelgjerningane 15:28-29.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blodoverføring