Blodpirol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blodpirol
Blodpirol
Blodpirol
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pirolfamilien Oriolidae
Slekt: Pirolar Oriolus
Art: Blodpirol O. traillii
Vitskapleg namn
Oriolus traillii

Blodpirol (Oriolus traillii) er ein mellomstor sporvefugl og ein medlem av pirolfamilien som lever i Himalaya og nordlege delar av Søraust-Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blodpirolar har ei kroppslengde er ca. 25,5–28 centimeter, omtrent som gråtrastar. Denne pirolen har ei ikkje-typisk fjørdrakt for pirolar, hovudfarga hos modne hannar er metallisk raudbrun, elles iriserande svart hovud, bryst og venger. Nebbet er bleikt lysblått og iris er kvit. Hoa er mindre fargerik med mørkebrunt hovud og overside, lys underside med kraftige, mørke strek, gumpen er raudbrun. Det finst fire underartar og mengd og klårleik av raudbrunt hos hannfuglar varierer med underarten.

Utbreiingsområdet er i Himalaya, Myanmar, Søraust-Asia, sørvestlegaste Kina, og på øyane Taiwan og Hainan. Dei kan gjere vertikale trekk for å unngå låge temperaturar vinterstid. Om sommaren kan dei leve i høgd på opp til 4000 moh., om vinteren helst under 1800 m.

Blodpirolar beiter einslege eller parvis på frukt, gjerne fiken, og på virvellause dyr. Dei er ofte med i fleirartsflokkar. Lætet er sett saman av varierande fløytetonar.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Derfor vurderer IUCN status for arten som livskraftig (LC).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Walther, B. og P. Jones (2020). Maroon Oriole (Oriolus traillii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.marori2.01
Referansar
  1. BirdLife International (2021) Species factsheet: Oriolus traillii. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. mars 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blodpirol