Blodplasma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Blodplasma er den flytande komponenten til blod, der blodcellene er fjerna. Serum er det same som blodplasma bortsett frå at koagulasjonsfaktorar (som t.d. fibrin) er fjerna.

Plasma liknar myse av utsjånad (transparent og svakt stråfarga). Det består for det meste av vatn, blodproteinar, og uorganiske elektrolyttar. Plasma tener som transportmedium for glukose, lipidar, hormon, metabolske sluttprodukt, karbondioksyd og oksygen. Plasma sin transportkapasitet for oksygen er mykje lågare enn den til hemoglobin i dei raude blodlekamane. Kapasiteten kan auka under hyperbare tilstandar. Plasma er lagrings- og transportmedium til koagulasjonsfaktorar og proteininnhaldet er naudsynt for å oppretthalda blodet sitt kolloidosmotiske trykk.

Laboratoriebruk av plasma og serum[endre | endre wikiteksten]

Til laboratorieføremål vert plasma teke frå fullblod. For å hindra levring, vert ein antikoagulant, t.d. citrat eller heparin tilsett blodprøven med det same den er teken. Som oftast er antikoagulanten i prøverøyret før blodprøven vert teken. Prøven vert deretter sentrifugert for å skilja plasma frå blodcellene. Plasma kan frysast ned til under -80°C nær sagt så lenge som helst for å verta analysert seinare.

Til mange biokjemiske laboratorieprøvar kan plasma og serum brukast om ein annan. Serum liknar plasma i samansetjinga, men manglar koagulasjonsfaktorane. Ein får framstilt serum ved å lata ein blodprøve levra seg (koagulera) før sentrifugeringa. Til dette føremålet kan det brukast prøveglas som inneheld t.d. glasperler eller eit pulver for å framskunda koagulasjonen, og ein gel som er laga slik at den vert sitjande som ein propp mellom væske- og cellelaga i glaset etter sentrifugeringa, og gjer utskilinga av blodcellene meir lettvint.

Koagulasjonsprøvar, som t.d. INR krev at alle koagulasjonsfaktorane vert tekne vare på. Serum er derfor ikkje tenleg for desse prøvane. Det vert vanlegvis brukt eit vakuumrøyr tilsett citrat til slike prøvar. Den antikoagulerande styrken til citrat står i samsvar med konsentrasjonen og vert teken omsyn til når prøveresultatet vert rekna ut.

Serum vert føretrekt i mange prøvar fordi antikoagulantar i plasma stundom påverkar resultata. Ulike antikoagulantar påverkar ulike analyser. Når ein brukar serum kan same prøven nyttast til mange analyser.

Blodgjevarar som av ei eller anna årsak ikkje kan gje fullblod, kan gje plasma. Dette føregår ved at det vert tappa fullblod frå blodgjevaren, deretter vert blodlekamane separerte frå blodet og gjevne attende til han. Plasma vert så sendt til fraksjoneringsanlegg for å verta sterilisert og handsama vidare. I denne prosessen får ein mellom anna laga konsentrat av koagulasjonsfaktorane VIII og IX som blødarar treng, og albumin som vert nytta t.d. ved brannskader.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]