Blokaden av Gazastripa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området omfatta av blokaden (2009).

Blokaden av Gazastripa viser til ein blokade av Gazastripea som vart iverksett av Egypt og Israel i juni 2007 etter at Hamas hadde teke kontroll over det palestinske territoriet etter konflikt med den rivaliserende gruppa Fatah.[1] Blokaden avløyste dei økonomiske sanksjonane mot den palestinske sjølvstyremakta som tok til etter at Hamas vann 74 av 132 plassar ved valet til den lovgjevande forsamlinga i Palestina 26. januar 2006.

I byrjinga var blokaden omfattande, men han har gradvis blitt avgrensa slik at han ikkje har vore til hinder for humanitær hjelp. I 2012 erklærte Hamas at blokaden var overvunnen.[2] Dei seinare åra har blokaden berre omfatta våpen og materiale som kan nyttast i krigføring og produksjon av våpen.[3] Israelske marinestyrkar overvaker blokaden frå sjøsida med ei offisiell grenseline tre nautiske mil frå kysten. Egypt på si side byggjer ei underjordisk stålsperring for å hindra at blokaden vert omgått ved bruk av tunnelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]