Blomberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blomberg
Foto: Concierge.2C

Blomberg er ein fjellgard ved Geirangerfjorden i Stranda i Møre og Romsdal fylke. Garden ligg på eit platå 450 moh. på sørsida av fjorden. Garden Syltavik ligg nede ved sjøen (sjå bilete) og er einaste grannegarden ein kan kome til utan å måtte i båt. Den bratte sjøvegen går i 28 svingar opp langs eit gjel. Husa ligg trygt, men sjøvegen har vore utsett for snø- og vassfonner.

Blomberg finn ein nemnt i matrikkelen frå 1650. Han har heile tida vore einbølt, dvs. at det berre er éin bustad på han. Siste brukaren flytte i 1947.

På 1990-talet sette Storfjordens Venner garden i stand. Stovehuset, der midtpartiet truleg er 350 år gammalt, vart restaurert. Løa, som hadde dotte heilt ned, vart rekonstruert og oppattbygt på gamalt vis av løematerial frå andre stader. Til rekonstruksjon av løa vart det brukt fotografi av Magne Flem, fotograf i Sunnmørsposten. Ein fann og teikningar av løa i juleheftet av Nils og Blåmann frå 1946. Teiknaren, Ivar Mauritz-Hansen var på Blomberg sommaren 1946. Slik kom teikningane i juleheftet , og dei som bygde opp att løa kunne sjå korleis den gamle hadde sett ut. Vølingsarbeidet vart mykje gjort på dugnad. Likevel var det store kostnadar. Dei fekk tilskot frå mellom anna riksantikvaren. I alt kosta istandsettinga av Blomberg 2,6 millionar kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Blomberg i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren