Blomesymmetri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Blomesymmetri viser til kor mange tenkta symmetriplan ein kan finna i ein viss blometype.

Aktinomorf[endre | endre wikiteksten]

Den vanlegaste symmetrien er aktinomorf, eller radiærsymmetrisk, rund eller vanleg. Dette betyr at blomen kan delast i minst tre tenkte symmetriplan gjennom midten. Forma kan liknast med den til ei stjerne. Ved nokre høve kan det som kan oppfattast som ein aktinomorf blome vera ein heil blomestand, sæleg gjeld dette hjå korgplantefamilien (Asteraceae). Velkjende artar som prestekrage, løvetann og tusenfryd har slike korger av blommor. Kvitveis, smørblom, kvit nykkerose og pære har derimot typiske aktinomorfe blomar.

Zygomorf[endre | endre wikiteksten]

Zygomorfe blomar har berre eitt tenkt symmetriplan som gjev like delar, det blir også kalla spegelsymmetrisk eller bilateralt. Forma kan liknast med det til eit ansikt der høgre side speglar venstre side, men den øvre delen ikkje er den same som den nedre. Zygomorfe blomar er vanleg hjå orkidéar, fiolar, leppeblomar som salvie og dauvnesle og hjå amaryllis.

Bisymmetrisk[endre | endre wikiteksten]

Bisymmetriske blomar har nøyaktig to tenkte symmetriplan som gjev like delar. Forma kan liknast med ein kross, slik at høgre side er lik venstre sidr og den øvre delen er lik den nedre delen, men dei fire delane er ikkje like. Dette er typisk i korgplantefamilien. Ein annan type bisymmetri fist hjå ein plante som løytnantshjarte, der «hjartet» har høgre sida lik som venstre, men også framsida lik som baksida.

Asymmetrisk[endre | endre wikiteksten]

Det finst også ein del asymmetriske blomar som ikkje har noko symmetriplan. Desse er ganske sjeldne. Blomane kan bestå av svært ulike kronblad, eller asymmetrien kan bestå av berre ei lita bøying mot høgre eller venstre. Canna har asymmetriska blomar der ingen blomeblad er likt eit annaa, og Phaseolus elegans har ein kraftig bøy. Saintpaulia ville hatt zygomorfe blomar om det ikkje var for att fruktemnet alltid er skreivtm slik at dei blir asymmetriske.

Utviklinga av blomseymmetri[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege symmetriet til dekkfrøplantane er aktinomorf. Andre former har utvikla seg seinare. Zygomorfe blomar er ei tilpassing til dei pollinerande insekta. Den zygomorfe symmetrien blir styrt av få gener, og artar som bruker å ha zygomorfe blomar kan av og til ha aktinomorfe. Detta blir kalla peloria ocg er blitt omtalt av Carl von Linné hjå lintorskemunn og av Charles Darwin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]