Blucher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Blücher.
Gravering av eit av Stephenson sine tidlege lokomotiv.

Blucher eller Blutcher var namnet på det første lokomotivet bygd av George Stephenson og prøvd ut ved gruvene i Killingworth nær Newcastle den 25. juli 1814. Maskinen blei forløparen for ei rekkje damplokomotiv forbetra og bygd av Stephenson, som er blitt kalla «jernbanens far», fram til 1826. I 1825 bygde George og sonen Robert Stephenson verdas første dampdrivne jernbane, mellom Stockton og Darlington.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

William Hedley sitt lokomotiv frå 1813.

Interessa for maskinar som kunne hjelpa ved gruvedrifta var stor ved byrjinga av 1800-talet. Både hestar og korn var dyre på grunn av dei pågåande Napoleonskrigane. Stasjonære dampmaskinar blei allereie brukt til å pumpa ut vatn og henta ut kol frå gruver. Hestetransportskinnar var også i bruk. Ulike oppfinnarar som Richard Trevithick, John Blenkinsop, Christopher Blackett og William Hedley hadde alle konstruert dampmaskinar som kunne røra seg.

George Stephenson hadde studert fleire av desse maskinane, til dømes Blackett sine eksperiment ved fødestaden Wylam, som viste at friksjon mellom hjul og skinnar ville gjera at ei lokomotiv kunne dra ei last som var tyngre enn det sjølv var. Stephenson blei tilsett ved Killingworth i 1812, og i 1814 hadde han overtalt eigaren av gruva til å støtta bygginga av ein «reisande maskin» ('travelling engine')

Blucher[endre | endre wikiteksten]

Teikning av girstellet til Blucher.
Stephenson sitt lokomotiv frå 1815.

Blucher eller Blutcher blei bygd i løpet av 1814 og først prøvd ut 25. juli, med eit tog etter seg den 27. juli. Det kunne trekkja ei rad vogner på om lag 30 tonn opp ein gradient på 1:450 med ein fart på 4 mph (ca. 6,5 km/t).[1]

Lokomotivet er generelt rekna for å vera namngjeve etter general Gebhard Leberecht von Blücher frå Preussen, som hadde utmerka seg under Napoleonskrigane. Det er også sett i samanheng med det lokale dialektordet «blutcher» eller «bloacher» som kan visa til ein stor, uhandterleg reiskap eller ting eller eit stort dyr.[2]

Då Stephenson målte energibruken fann han ut at maskinen hans ikkje ville spara mykje pengar i høve til hestekraft.[3] Stephenson var ikkje nøgd med lokomotivet, men hadde lært mykje av problema med det. Han resirkulerte det til ei rekkje seinare, forbetra modellar.

Seinare lokomotiv[endre | endre wikiteksten]

Ei av dei første forbetringane Stephenson gjorde var innføringa av ein såkalla «steam blast» som sende dampen frå sylindrane ut av ein skorstein i staden for rett ut i lufta. Den tidlegare ordninga hadde laga høge, kvesande lydar som skremte folk og fe. Skorsteinen forbetra også trekken slik at forbrenninga blei meir intens og dampmaskinen mykje meir effektiv.[3]

Halvoverlappande skinnar som Stephenson tok patent på i 1816.

Det neste lokomotivet blei sett i drift 16. mars 1815. Stephenson hadde då teke patent på bruk av kuleledd mellom sylindrar og hjul saman med gruveformannen Ralph Dodds. Året etter tok Stephenson endå ein patent i lag med William Losh frå Walker Iron Works.[2] Den forbetra maskinen hadde fjøring, smijernshjul i staden for støypte hjul og gjekk på halvoverlappande skinnar som gav betre spor og færre avsporingar. Saman med Nicholas Wood, overformannen ved Killingworth, utførte Stephenson ei rekkje målingar knytt til friksjon og stigingar med dynamometer som dei sjølv hadde utvikla.[4]

Teikning av lokomotiv bygd av George Stephenson for Stockton-Darlington-jernbanen.

Stephenson laga rundt 16 lokomotiv til bruk ved Killingworth. Dei blei brukt som lokomotiv fram til 1841 og som stasjonære maskinar fram til 1856.[5] «Billy» eller «Killingworth Billy» (ikkje det same som «Puffing Billy») blei bygga i 1826 etter Stephenson si utforming av Robert Stephenson and Company.[6] Lokomotivet blei brukt på Killingworth-jernbanen fram til 1881, og deretter gjeve til byen Newcastle. Det er no ved Stephenson Railway Museum.

Killingworth-lokomotiva la grunnlaget for den første passasjerjernbanen mellom Stockton og Darlington som George Stephenson utforma i 1825. I tillegg til å byggja lokomotiva «Locomotion No. 1» (1825) og «Rocket» (1829).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wood, Nicholas (1825), A Practical Treatise on Rail-roads and Interior Communication in General, London:Knight & Lacey, s. 147 
  2. 2,0 2,1 L.G. Charlton, The First Locomotive Engineers (1974), Northern History Booklet No. 55
  3. 3,0 3,1 Smiles, Samuel (1862), «5», The lives of the engineers 3 
  4. Wood 1825, s. 169–201
  5. Hunter Davis (1975), George Stephenson, Weidenfeld & Nicolson, s. 44 
  6. «Stephenson Railway Museum Exhibits». Arkivert frå originalen 9. mars 2012. Henta 06/05/2012.