Blue Angel
Utsjånad
| Blue Angel Singel av Roy Orbison | ||
| B-side |
«Today's Teardrops» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 29. mai 1960 | |
| Innspelt | 1960 i Nashville | |
| Sjanger | Pop | |
| Lengd | 2:52 | |
| Selskap | Monument Records 45-425 | |
| Låtskrivar(ar) | Roy Orbison og Joe Melson | |
| Produsent | Fred Foster | |
| Roy Orbison-kronologi | ||
| «Only the Lonely» (1960) |
Blue Angel | «I'm Hurtin'» (1960)
|
«Blue Angel» er ein song av Roy Orbison frå 1960. Han er skriven av Orbison og Joe Melson og gjeven ut på singel av Monument Records i 1960. Singelen vart den andre store hitten til Orbison.
Singelen nådde niandeplassen på den amerikanske singellista og 11. plassen på den britiske singellista i 1960. B-sida til singelen var «Today's Teardrops», ein song av Gene Pitney.
Songen har, som mange andre Orbison-songar, ein trist tekst, men her prøver han å få nokon som er trist i betre humør, i staden for at han sjølv er den som er trist. Songen er samanlikna med «Only the Lonely», den førre singelen hans, og opnar med liknande stavingar (sha-la-la, dooby wah, dum dum dum, yeh yeh um).[1]
Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1960) | Plassering |
|---|---|
| U.S. Billboard Hot 100 | 9 |
| UK Singles Chart | 11 |
| Australia | 28 |
| Canada | 14 |