Blue Collar Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blue Collar Man (Long Nights)
Singel av Styx
frå albumet Pieces of Eight
B-side «Superstars» / «Aku-Aku»
Utgjeve September 1978
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 4:05
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Tommy Shaw
Styx-kronologi
«Fooling Yourself (The Angry Young Man)»
(1977)
Blue Collar Man (Long Nights) «Sing for the Day»
(1978)


«Blue Collar Man (Long Nights)» er den første singelen til Styx frå albumet Pieces of Eight (1978). Singelen kom ut i 1978 i to utgåver. Ein med B-sida «Superstars» (ein song frå The Grand Illusion) og ein annan med det instrumentale albumsporet «Aku-Aku» som B-side. Somme utgåver av singelen vart trykt i gjennomsiktig blå vinyl. Songen vart skriven av Tommy Shaw etter han hadde høyrt lyden av motorbåten hans som ikkje ville starte. Han sa det høyrdest ut som eit bra riff til ein song. Songen nådde 21. plassen i USA i november 1978 og låg to veker på niandeplassen på Canada RPM Top 100 Singles-lista.[1]

Det vart filma ein musikkvideo til songen av regissøren Bruce Gowers der bandet speler i eit studio. Det vart òg filma videoar for «Sing for the Day» og «I'm OK».

Ein nyinnspelt versjon av songen vart nytta i videospelet Rock Band.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada[2] 9
U.S. Billboard Hot 100[3] 21
U.S. Cash Box Top 100[4] 20

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada[5] 99
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[6] 139

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Sources[endre | endre wikiteksten]

  1. «Styx: Billboard Singles». All Music Guide. Henta 5. juni 2020. 
  2. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 2016-03-13. Henta 5. juni 2020. 
  3. «Lorelei» Billboard Hot 100 Chart history. Billboard.com, Accessed 27. mai 2012.
  4. «Top 100 1978-11-18». Cashbox Magazine. Henta 30. september 2015. 
  5. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Library and Archives Canada. Henta 5. juni 2020. 
  6. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]