Blue Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blue Dawn
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 2006
Innspelt 1988 / 2006
Studio Copeland Villa (Los Angeles) og Sunset Marquee's Hotel & Eastgate Studios (Wien)
Sjanger
Lengd 1:01:51
Selskap TDI/Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Phaedra 2005
(2005)
Blue Dawn Paradiso
(2006)


Blue Dawn er det 95. albumet totalt og det 34. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i juni 2006.[1]

Albumet inneheld tidlegare studioopptak av Edgar Froese og det kortvarige medlemmet Ralf Wadephul frå ein amerikansk turné i 1988. Eit liknande album, Kyoto, med opptak frå 1983, kom ut i 2005.[1]

Ralf Wadepulh skreiv på heimesida si om skapinga av Blue Dawn: «Etter mange år fekk eg ein telefon frå Edgar som spurte om eg var interessert i å samarbeide i studio på uferdige skisser frå 1988.» Dei arbeidde først kvar for seg, før dei møttest i Wien i 2005 for å setje det saman til eit album.[1]

Albumet består av ti spor, seks av dei komponerte av Ralf Wadephul, dei andre av Edgar Froese. Bandmedlemmet Paul Haslinger var tilsynelatande ikkje involvert i komponeringa av desse spora.[1]

Noko av materialet til Ralf Wadephul vart seinare gjevne ut på nytt, noko omarrangert, på soloalbumet hans When Aliens Meet a Drop of Water (2008).[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelMusikkLengd
1.«Where Dreams Are Large and Airy»Edgard Froese6:21
2.«Riding the Wind»Ralf Wadephul4:37
3.«Thunderheads»Edgard Froese7:27
4.«Eagle's Crest»Ralf Wadephul5:37
5.«Food for the Gods»Ralf Wadephul8:24
6.«Without a Bad Conscience»Edgard Froese6:02
7.«Cardamom Route»Ralf Wadephul5:02
8.«A World Away from Gagaland»Edgard Froese7:06
9.«Native Companions»Ralf Wadephul4:14
10.«Blue Dawn»Ralf Wadephul7:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Blue Dawn». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.