Blue Eyes Crying in the Rain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blue Eyes Crying in the Rain
Singel av Willie Nelson
frå albumet Red Headed Stranger
Utgjeve Juli 1975
Innspelt 9.-12. februar 1975
Sjanger Country
Lengd 2:18
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Fred Rose
Produsent Willie Nelson
Willie Nelson-kronologi
«Sister's Coming Home»
(1974)
Blue Eyes Crying in the Rain «Fire and Rain»
(1976)


«Blue Eyes Crying in the Rain» er ein song skriven av låtskrivar Fred Rose. Songen vart først framført av Roy Acuff, og sidan av Willie Nelson for albumet hans Red Headed Stranger i 1975. Både songen og albumet vart ikoniske i countryhistoria, og vart det store gjennombrotet til Nelson som songar og plateartist. Så langt i karrieren hadde han hovudsakleg hatt suksess som låtskrivar for andre artistar.

Songhistorie[endre | endre wikiteksten]

«Blue Eyes Crying in the Rain» vart spelt inn i 1947 av Acuff, så av Hank Williams i 1951 for Mother's Best Flour Hour. Andre tidlege innspelingar av songen vart gjort av Donn Reynolds (MGM-singel - juni 1957), Ferlin Husky (albumet Ferlin's Favorites - november 1959), Slim Whitman (album Country Favorites - 1959), Gene Vincent (spelt inn 15. oktober 1958 for Crazy Times! -1960), Bill Anderson (albumet ...Sings Country Heart Songs - 15. januar 1962), John D. Loudermilk (albumet Country Love Songs Plain and Simply Sung - august 1968), og Conway Twitty (album Hello Darlin' - juni 1970).

Versjonen til Willie Nelson, spelt inn i 1975 for konseptalbumet Red Headed Stranger, som omhandla ein predikant på rømmen etter å ha drepe kona si, vart hylla av countryhistorikaren Bill Malone som «eit godt døme på rein, spartansk countrymusikk, med eit enkelt arrangement som kunne ha kome rett frå 1940-åra.»[1] Rolling Stone merka seg at songen vart levert med Nelson sin «jazz-aktige frasering» og var «hjartet på Red Headed Stranger[2]

Salssuksess og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Før suksessen med «Blue Eyes Crying in the Rain», hadde Nelson hovudsakleg hatt mest suksess som låtskrivar, med songar som «Crazy» (Patsy Cline) og «Hello Walls» (Faron Young). Som artist hadde Nelson berre hatt hittar på topp 10 på countrylista to gonger. Det skjedde i 1962, ein gong som soloartist («Touch Me») og igjen som ein del av duett med Shirley CollieWillingly»). Sidan den gong gjekk det 13 år før Nelson igjen fekk ein topp 10-hit.

I oktober 1975 vart songen den første førsteplassen til Nelson som songar, og på slutten av året var songen den tredje mest populære i 1975 på Billboard Hot Country Singles-lista.[3] I tillegg vart songen ein del spelt på radio og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100.[4]

I 2004 sette Rolling Stone «Blue Eyes Crying in the Rain» på 302. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5] I 2010 vart han flytta ned til 309. plassen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 21
Canada RPM Country Tracks 2
Canada RPM Top Singles 40
Canada RPM Adult Contemporary Tracks 9
Australian Kent Music Report 57

Seinare versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Elvis Presley spelte inn «Blue Eyes Crying in the Rain» på Graceland den 7. februar 1976. Dette var den siste kjende songen Elvis Presley song (ved pianoet i Graceland) før han vart funnen død 16. august 1977.[6]
  • Ken Kincaid, ein songar frå New Zealand, spelte inn ein versjon for B-sida til singelen «Cindy» i 1982.[7][8]
  • Linda Good sin versjon av songen vart gjeven ut på samlealbumet Sony/ATV Nashville Classic Covers, Vol.1 (2008).[9]
  • UB40 spelte inn songen i 2013 på albumet Getting Over the Storm.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Malone, Bill, «The Smithsonian Collection of Classic Country Music» ((booklet included with The Smithsonian Collection of Classic Country Music 8-volume set). Smithsonian Institution, 1981).
  2. ain «Blue Eyes Crying in the Rain,» from the «The RS 500 Greatest Songs of All Time,» Rolling Stone, November 2004.
  3. [1] magasinet Billboard Hot Country Singles year-end chart - 1975.
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 450. 
  5. [2] «The RS 500 Greatest Songs of All Time,» Rolling Stone.
  6. «Rescued Chile miner tours Graceland as Elvis fan». Foxnews. 7 January 2011. Henta 26. juni 2017. 
  7. 45cat Ken Kincaid - Diskografi
  8. The New Zealand Archive of Film, Television and Sound Ngā Taonga Whitiāhua Me Ngā Taonga Kōrero Katalog → 18497, Cindy
  9. iTunes Sony/ATV Nashville Classic Covers: Volume One, Various Artists
  10. Discogs UB40 – Getting Over The Storm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]