Blue Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Blue Moon»
Musikk av Richard Rodgers
Tekst av Lorenz Hart
Publisert 1935

«Blue Moon» er ein klassisk popsong skriven av Richard Rodgers og Lorenz Hart i 1934 som har blitt ein standardballade. Han kan ha vore første gongen den kjende «50-talsprogressjonen» vart nytta i ein popsong. Songen vart ein hit to gonger i USA i 1949 med Billy Eckstine og Mel Tormé. I 1961 vart «Blue Moon» ein internasjonal hit for doo-wop-gruppa the Marcels. I løpet av åra har songen blitt spelt av mange aristar, som Billie Holiday, Elvis Presley, The Mavericks og Rod Stewart.

Versjonar av songen vart nytta i skrekk-komedien An American Werewolf in London i 1981.

Rodgers og Hart[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Richard Rodgers og Lorenz Hart hadde kontrakt med Metro-Goldwyn-Mayer i mai 1933. Dei fekk raskt i oppgåve å skrive songar for Hollywood Party, ein film med mange av dei største stjernene til studioet. Richard Rodgers sa seinare, «Ein av ideane våre var å ha med ein scene der Jean Harlow vert vist som ei uskuldig, ung jente som seier - eller heller syng - kveldsbøna si. Korleis klippet passa inn i filmen har eg ingen aning om, men føremålet var å uttrykke det store ønskjet til Harlow om å bli ei filmstjerne ('Oh Lord, if you're not busy up there,/I ask for help with a prayer/So please don't give me the air . . .').» Songen vart ikkje ein gong spelt inn (og filmen kom aldri ut[1]) og MGM Song #225 «Prayer (Oh Lord, make me a movie star)» datert 14. juni 1933, vart registrert for opphavsrett som eit upublisert verk den 10. juli 1933.[2]

Lorenz Hart skreiv ny tekst til melodien for å skape ein tittelsong for filmen Manhattan Melodrama i 1934.[3] Songen, som òg fekk namnet «It's Just That Kind of Play», vart spelt inn før filmen kom ut, og opphavsretten vart registrert for eit upublisert verk den 30. mars 1934. Studioet bad så om eit nattklubbnummer for filmen. Rodgers likte framleis melodien, så Hart skreiv ein tredje tekst: «The Bad in Every Man» («Oh, Lord . . . /I could be good to a lover,/But then I always discover/The bad in ev’ry man»[3]), som vart sungen av Shirley Ross. Songen, som òg vart publisert som noteark, vart ikkje ein hit.[2]

Etter at filmen vart gjeven ut av MGM, meinte Jack Robbins—sjefen for forlaget til studioet[4]—at melodien var kommersielt bra, men at songen trengde ein meir romantisk tekst og ein meir slagkraftig tittel. Hart var i starten motvilling om å skrive enno ein tekst til songen, men vart overtydd.[2] Resultatet vart «Blue moon/you saw me standing alone/without a dream in my heart/without a love of my own».

Det finst eit introduksjonsvers (ein vanleg teknikk på songar i 1920- og 1930-åra) som kjem før det første refrenget i songen. Eric Clapton og Rod Stewart nytta denne versjonen i si utgåve av songen frå 2004 (Stardust: The Great American Songbook, Volume III). Den siste linja i det ekstra verset er «Life was a bitter cup for the saddest of all men.»[5]

Robbins lisensierte songen til Hollywood Hotel, eit radioprogram som nytta songen som kjenningsmelodi. Den 15. januar 1935 spelte Connee Boswell inn songen for Brunswick Records. Han vart så nytta i minst sju MGM-filmar til, som At the Circus og Viva Las Vegas av Marx-brørne.[2]

Billy Eckstine-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Blue Moon
Singel av Billy Eckstine
B-side «Fools Rush In»
Utgjeve 1949
Innspelt 1949
Sjanger Jazz
Selskap MGM Records
Låtskrivar(ar) Richard Rodgers, Lorenz Hart[6]

Den amerikanske swing-songaren Billy Eckstine spelte inn ein versjon av «Blue Moon» som nådde Billboard-lista i 1949. Han vart gjeven ut av MGM Records. Songen nådde først Juke Box-lista den 5. mars 1949, og låg tre veker på lista, med ein 21. plass som høgaste plassering.[7][8]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1949) Plassering
U.S. Billboard 21

Mel Tormé-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Blue Moon
Singel av Mel Tormé
B-side «Again»
Utgjeve 1949
Innspelt 1949
Sjanger Jazz
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Richard Rodgers, Lorenz Hart[6]

Den amerikanske jazz-songaren Mel Tormé spelte ein versjon av «Blue Moon» som nådde Billboard-lista i 1949. Han kom først ut på Capitol Records og nådde Best Seller-lista den 8. april 1949. Singelen låg fem veker på lista og nådde 20. plassen. På B-side var singelen «Again».[7][9]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1949) Plassering
U.S. Billboard 20

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Blue Moon
Singel av Elvis Presley
frå albumet Elvis Presley
A-side «Just Because»
Utgjeve 31. august 1956
Innspelt 19. august 1954
Sjanger Country
Lengd 02:31
Selskap RCA Victor/ RCA Camden/ RCA Records
Låtskrivar(ar) Richard Rodgers, Lorenz Hart[6]
Elvis Presley-kronologi
«I Love You Because» / «Trying to Get to You»
(1956)
Blue Moon «Money Honey» / «One-Sided Love Affair»
(1956)


«Blue Moon» vart først i rock and roll-samanheng av came Elvis Presley i 1956. Hans versjon av songen vart gjeven ut på debutalbumet hans, Elvis Presley for RCA Records. Presley si utgåve vart gjeve ut på singel og var B-sida til «Just Because». Innspelinga vart produsert av Sam Phillips.

Jim Jarmusch-filmen Mystery Train frå 1989 har tre fråskilde soger som er knytte saman av delar av Elvis sin versjon av «Blue Moon» (via radio).

The Marcels-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Blue Moon
Singel av The Marcels
frå albumet Blue Moon
B-side «Goodbye to Love»
Utgjeve Februar 1961
Innspelt 1961
Sjanger Rock and roll, doo-wop, R&B
Lengd 2:15
Selskap Colpix
Låtskrivar(ar) Richard Rodgers, Lorenz Hart[6]
Produsent Stu Phillips, Danny Winchell[10][11]
The Marcels-kronologi
Blue Moon «Summertime»
(1961)


The Marcels, ei doo-wop-gruppe, spelte òg inn songen for albumet Blue Moon. I 1961 hadde Marcels tre songar igjen å spele inn og trengde ein til. Produsenten Stu Phillips likte ikkje nokre av dei andre songane, utanom ein som hadde same akkordane som «Heart and Soul» og «Blue Moon». Han spurte dei om dei kjende nokre av desse songane, og ein av dei kjende «Blue Moon» som han lærte til dei andre.[12] Den kjende introen til songen («bomp-baba-bomp» og «dip-da-dip») var eit utdrag fr ein original song gruppa hadde spelt på konsertane sine.

Singelen gjekk heilt til topps på Billboard Pop-lista der han låg i tre veker, og til topps på R&B-lista.[13] Songen gjekk òg til topps på den britiske singellista. The Marcels-versjonen av «Blue Moon» selde ein million eksemplar og fekk gullplate.[14] Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songr som forma rock and roll». Doo-wop-versjonen til The Marcels er ein av tre forskjellige versjonar nytta i filmen An American Werewolf in London.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1961) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 1[15]
UK Singles Chart 1[16]
U.S. R&B Chart 1[13]

The Mavericks-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske countrygruppa The Mavericks spelte inn songen for filmen Apollo 13 i 1995. Versjonen deira nådde 57. plassen på RPM Country Tracks-lista og 15. plassen på RPM Adult Contemporary Tracks-lista i Canada. Musikkvideoen til songen vart regissert av Todd Hallowell.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1995) Plassering
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[17] 15
Canada Country Tracks (RPM)[18] 57

Rod Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den britiske songaren Rod Stewart spelte inn songen med Eric Clapton for Stewart-albumet Stardust: The Great American Songbook, Volume III i 2004. Versjonen deira vart gjeven ut på singel tidleg i 2005 og nådde 23. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista i USA.[19]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2005) Plassering
U.S. Adult Contemporary Chart 23

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. These Were Our Songs: The Early 30s, The Readers Digest Association, 4 CD set, 1989, liner notes
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Brent, Bill. 'The Story of Blue Moon', Weekly Bugle. Henta 30. september 2016.
  3. 3,0 3,1 Kanfer, Stefan. 'Richard Rodgers: Enigma Variations', City Journal, Autumn 2003.
  4. Martini, Alessandro. 'Song: Blue Moon', LorenzHart.org. Henta 30. september 2016.
  5. Rod Stewart, Stardust: The Great American Songbook, Volume III, CD, J-Records, 2004. Oddly, the introduction lyrics are not listed on the CD's lyric sheet, but Stewart does sing them in the song)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Hart, Lorenzo; Hart, Dorothy; Kimball, Robert. The Complete Lyrics of Lorenz Hart (New York: Knopf, 1986). ISBN 0-394-54680-6
  7. 7,0 7,1 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  8. «Billy Eckstine| Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/billy-eckstine-mn0000082584. Henta 30. september 2016. 
  9. «Mel Tormé | Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/mel-torm-p7700/biography. Henta 30. september 2016. 
  10. «The Marcels - Blue Moon (Song)». eMedia Jungen. http://uk-charts.com/showitem.asp?interpret=The+Marcels&titel=Blue+Moon&cat=s. Henta 10 July 2015. 
  11. Oermann, Robert K. (21 februar 2011), Radio Host Danny Winchell Passes, MusicRow, http://www.musicrow.com/2011/02/radio-host-danny-winchell-passes/, henta 30. september 2016 
  12. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits: The Inside Story Behind Every Number One Single on Billboard's Hot 100 from 1955 to the Present (5 utg.). Billboard Books. s. 87. ISBN 0-8230-7677-6. 
  13. 13,0 13,1 Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 376. 
  14. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 137. ISBN 0-214-20512-6. 
  15. «The Marcels | Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/the-marcels-p4841/charts-awards/billboard-singles. Henta 30. september 2016. 
  16. «ChartArchive - The Chart Archive». Chartstats.com. http://www.chartstats.com/release.php?release=2687. Henta 30. september 2016. 
  17. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 9. oktober 1995. Retrieved 8. september 2013.
  18. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 18. september 1995. Retrieved 8. september 2013.
  19. «Rod Stewart - Chart history». Billboard. http://www.billboard.com/artist/367145/rod-stewart/chart?f=341. Henta 30. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]