Blues Incorporated

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blues Incorporated
OpphavLondon, England
Aktiv1961-1966
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Tidlegare medlemmer

Blues Incorporated var eit engelsk bluesband skipa i London i 1961, leia av Alexis Korner. Det er rekna som opphavet til bluesrockscena i Storbritannia.[1] Til forskjellige tider hadde bandet medlemmane Jack Bruce, Charlie Watts, Terry Cox, Davy Graham, Ginger Baker, Long John Baldry, Ronnie Jones, Danny Thompson, Graham Bond, Cyril Davies, Malcolm Cecil og Dick Heckstall-Smith.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Korner (1928–1984) var medlem av Chris Barber's Jazz Band i 1950-åra og møtte Cyril Davies (1932–1964) som delte lidenskapen hans for amerikansk blues. I 1954 slo dei seg saman som ein duo og byrja å spele blues på jazzklubbar i London, og opna sin eigen klubb, The London Blues and Barrelhouse Club, der dei ofte fekk besøk av bluesartistar frå Amerika. Klubben inspirerte unge musikarar, som Charlie Watts, Long John Baldry og Jack Bruce.

I 1961 skipa Korner og Davies Blues Incorporated, det første R&B-bandet med forsterkarar i Storbritannia, og henta inn songaren Baldry (stundom erstatta av Art Wood), trommeslagaren Watts, bassisten Bruce og saksofonisten Dick Heckstall-Smith. Det var eit uformelt band og det var meininga at besetninga skulle vere skiftande. Dei sikra seg fast spelejobb på Marquee Club, og slik vart dei lagt merke til av produsenten og promotoren Jack Good, som fekk i stand ein platekontrakt med Decca Records. Dette førte til albumet R&B from the Marquee, som kom ut seint i 1962. Albumet vart faktisk spelt inn i Decca sitt studio med Baldry som solosongar og songar av Muddy Waters, Jimmy Witherspoon og Leroy Carr.

I 1962 oppretta Korner og Davies ein fast «Rhythm and Blues-kveld» på Ealing Jazz Club.[2] Dette vart ein møtestad for fans av blues og R&B-musikk, inkludert Mick Jagger, Keith Richards, Brian Jones, Eric Clapton, Rod Stewart, Paul Jones, John Mayall, Zoot Money og Jimmy Page, som stundom spelte på scenen med Blues Incorporated. Watts slutta i gruppa for å bli med i The Rolling Stones og føreslo Ginger Baker som erstattaren sin.

Seint i 1962 var Davis usamd med planane til Korner om å henta inn ei blåserekkje i bandet og vende seg meir mot jazz enn blues, og slutta så for å starte si eiga gruppe, Cyril Davies All-Stars, og vart sjølv erstatta av Graham Bond. Blues Incorporated fekk ny fast spelejobb på The Flamingo, men kort tid etterpå slutta Bond, Bruce og Baker for å skipe Graham Bond Organisation.

Blues Incorporated konsentrerte seg meir om konsertar enn å studioarbeid og gruppa gav berre ut to singlar på Parlophone, «I Need Your Loving» / «Please Please Please Please» (1964) og «Little Baby» / «Roberta» (1965). I 1964 gav dei ut albumet At The Cavern og Red Hot from Alex, med amerikanaren Herbie Goins som solosongar og Danny Thompson, seinare i Pentangle, på bass. Då bandet gav ut det siste albumet sitt, Sky High (med bandnamnet Alexis Korner's Blues Incorporated) i 1965, inkluderte gruppa Duffy Power på vokal. Korner la ned gruppa i 1966.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • R&B from the Marquee (1962)
  • At The Cavern (1964)
  • Red Hot From Alex (1964)
  • Alexis Korner's Blues Incorporated (1965)
  • Sky High (1965)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kellett, Andrew (19. september 2017), The British Blues Network: Adoption, Emulation, and Creativity (på engelsk), University of Michigan Press, ISBN 978-0-472-03699-8, henta 15. februar 2024 
  2. Schwartz, Roberta Freund (29. april 2016), How Britain Got the Blues: The Transmission and Reception of American Blues Style in the United Kingdom (på engelsk), Routledge, ISBN 978-1-317-12094-0, henta 15. februar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]